Flotte og smilande Bømlingar i super-veka før påske

Superveke med elevar frå Finnøy
mars 19, 2021
Flotte dagar i fjellet med Fjelltun skole
april 9, 2021

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Takk for “lånet” av elevane frå Bømlo!

Me har hatt ikkje mindre enn 5 skular på besøke frå øya i vest. Og elevane frå Foldrøy, Gilje, Meling, Våge og Hillesteveit har storkost seg på ski, trass lite snø.

Dei har tatt alle utfordringer og skiturar på strak arm, og skidugleiken har auka bratt i takt med at dei har turt å falle på ski 🙂

No er elevane på veg heim til påskeferie. Vårt råd – finn snøen eller naturen elles i påska og Kom Dykk UT 🙂

Under finn de bilder frå veka og eleane sin eigen versjon av veka

God påske 🙂

 

Logg veke 12-21. Bømlo skulane: Våge, Hillstveit, Folderøy, Gilje, Meling

Mandag:
Mandag kom me fram til Gullingen leirskule i 11-12-tida.  Me fekk pakka ligg ut, før me møtte leirskulelærarane og fekk informasjon. Etterpå kledde me oss og fekk prøva skia. Me hadde skileik og leika oss i bakken. Etter middag hadde me rompebrett-konkurranse.

Tysdag:
Tysdagen starta med at me lærte litt om veret, kva me skulle ha på kroppen på tur og kva me skulle ha med i sekken. Deretter gjekk turen ut på ski til Breiastølsdagen i 3 grupper. Då me kom fram lagde me hopp, slalombakke og portløype. Det var veldig kjekt. Me lærte oss å laga paragodebål i snø og så grilla me ostasmørbrød. Etter turen var det middag og kiosk. Nokon overnatta i bålstova denne natta.

Onsdag:
På morgonsamling onsdag lærte me om dyr i vinterfjellet og så såg me ein filmsnutt som heiter «Storm og Tinde» Etterpå hadde me uteskule: Me gjekk på truger og hadde bingo-orientering. Så skifta me til ski og gjekk ein tur i lysløypa, og der lerte me oss og ploga og me rant i bakkane. Etter middag hadde dei som budde på A-B diskotek. Denne kvelden var det nokon som isbada og sov i bålstova.

Torsdag:
Me vart delt i tre grupper også denne dagen. Gruppe 1 var i lysløypa og hadde skileik og tur der. Gruppe 2 og 3 gjekk inn Breiastølsdalen. Me fekk me velga mellom to turar ein middels tur til  og ein litt lengre tur som gjekk i laussnø. Elles måtte me jo prøva bakkane… Idag hadde alle gruppene båleksamen, og etter me var ferdige grilla me ostasmørbrød og pinnabrød til dessert. Etter middag var det kiosk, og det var C-fløyen sin tur til å ha diskotek. Dei andre hadde bingo denne kvelden. .

Fredag:
Fredag pakka og rydda me på leirskulen. Før me skulle gå i bussane hadde me ei siste samling, kor det m.a var utdeling av diplom og me fekk sjå ein biletepresentasjon frå veka. Me har lært mykje om dyr i fjellet og dyrespor, korleis me skal kle oss godt nok, og om farer i fjellet.

Dinna veko har vert veldig kjekk og me har fått gjort masse gøy!