
Flotte haustdagar for 8.klassingane i Vikedal og Ølen
september 25, 2026
Super haustveke med 7. klassingar frå Sauda
oktober 15, 2026
Langeland skule 7.trinn har hatt gode dagar på Gullingen leirskule. På vatn, i fjellskog og på fjell har dei vore. Mange gode opplevingar har dei fått. Sjå meir av kva dei har vore med på:
Måndag: Me møtte opp på skulen og blei henta av to bussar. Etter ca to timar kom me fram til leirskulen. Leirskulelærarane fortalte oss kven me skulle bu på rom med. Me pakka ut og ordna rommene. Me gjekk ein liten tur til Mosvatnet og nokon bada. Når me kom tilbake åt me lapskaus og is.
Tysdag: Når me våkna opp åt me frokost og delte oss inn i grupper. Etter morgensamlinga blei me delt inn i grupper, gjekk ned til Mosvatnet for å padle i kano og trekke garn. Me fekk masse fisk. Me sløyde fisken og grilla den. Etter at me åt fisken gjekk me tilbake til leirskulen og åt taco. Etter middag var det kiosk salg. Dei som ville kunne sove i bålstova.
Onsdag: I dag hadde me bingoorientering i skogen. Me klatra på ein kort fjellvegg, leikte mange leikar og lærte om forskjellige plantar. Me grilla osteskiver og pinnebrød på bål. Me kom tilbake til leirskulen og åt kjøttkaker i brun saus. Til dessert hadde me sjokolademousse og vanilje saus. Dei som ville kunne sove i bålstova.
Torsdag: Når me våkna opp kunne me velge tre turar. Den eine turen var ein rolig tur. Den andre var ein fiske tur til Svartevatnet og Såtevatnet. Den tredje turen var ein eintopps tur med ein foss. På slutten av alle turane møttes me i bekken for å bekkevandra. Alle synst at det var gøy og alle blei veldig våte. Når me kom tilbake til leirskulen åt me kyllinggryta til middag og me hadde saftis til dessert. Etter middag var det kiosk salg. Når klokka var åtte gjekk me ned til diskoen for å danse.
Fredag: Når me våkna åt me frokost og pakka. Me blei forklart kva oppgaver me hadde. Oppgavane var å vaska, rydda både rom og rundt på leirskulen og skrive logg. Nå er me ferdige med med alle oppgavene og skal snart inn til siste samling, for klokka elleve kjem bussen å hente oss








































