
Super-veke med Stord-elevar
september 21, 2026
Flotte haustdagar på leirskule for Langeland skule
oktober 2, 2026
8.klassingane i Vikedal og Ølen har vore på leirskule på Gullingen denne veka. Her har dei fått flotte turar i Suldalsnaturen og nblitt betre kjent med klassekameratar. Les meir i elevloggen og sjå bilder frå veka:
39-26. Vikedal og Ølen
Tysdag: Me kom med bussen og starta å få på plass tinga. Etter me hadde kommet på plass starta me på ein tur i området rundt Gullingen. På slutten av turen avslutta me med bingo-orientering. Da me kom tilbake fekk me ein god lapskaus te middag og etter det la me oss til å sova.
Onsdag: Me vakna og gjekk til frokost. På frokosten smurte me nista te turen seinare. Turen på onsdag var til Mosvatnet. Da me var der padla me kano i grupper, me drog garn, sløyet fisk, og grilla ostesmørbrød og fisk. På turen fekk me 12 aurar av forskjellige størrelsar. Da me kom tilbake fekk me TACO te middag. Alle var storfornøgde. Seinare gjekk me å la oss.
Torsdag: Me vakna å gjekk til frokost, og som i går smurte me nista til resten av dagen. På torsdag fekk me valget om to turar me kunne velge. Me kunne velge ein topptur til Uranuten eller ein tur inn te eit fiskevaten som heiter Svartevatnet. Dei aller fleste gjekk til Svartevatnet mens det var ein liten gjeng som gjekk te Uranuten. På begge turane fekk me grilla pinnebrød og ostesmørbrød. På turane hadde me og båleksamen. På slutten av turen gjekk me bekkevandring, mange synes det var veldig kjekt. Me kom heim etter turen til gode kjøttkaker som var middagen. Seinare gjekk me å la oss.
Fredag: Me vakna å gjekk til frokost. På fredag kunne man velge om ein ville smøre nista med til heimturen. Da me var ferdig me frokost begynnte me å pakkka og alle ordensoppgåvene som skulle gjerast.
Alle frå Vikedal skule og Ølen skule synes det har vore ein bra tur. Alle likte veldig godt torsdagen som var fylt med masse kjekke aktivitetar.
Helsing frå Vikedal og Ølen skule





















