
Flotte haustdagar på leirskule for Langeland skule
oktober 2, 2026
Måndag:
Når me kom til leirskulen blei me godt tatt i mot av leirskulelærerane, og så tok me bagasjen til rommene våre. Me blei delt i tre grupper og gjekk rundt i skogen for å bli kjent med området. Så fekk me lapskaus til middag. Til dessert fekk me is. På slutten av dagen fekk me mulighet til å bade. Seinare den dagen kunne dei som ville bli med ned til Mosvatnet og fiske. Denne natta fekk Fløgstad skule overnatte i bålstua.
Tysdag:
Etter at me hadde spist frokost gjekk me til morgensamling. Der blei me delt i fire grupper og gjekk rundt i skogen og i fjellet og hadde forskjellige aktiviteter. Til middag fekk me ein veldig god taco. Etter tacoen fekk me kjøpe noko godt i kiosken. Austerheim skule fekk sove denne natta i bålstua.
Onsdag:
Me hadde morgensamling etter frokost som vanleg. Me hadde samme grupper som i går. To av gruppene starta i kano på Mosvatnet, og dei andre trekte garn. Me lærte om fisk og korleis man sløyer den. Den dagen fekk me kjøttkaker i brun saus til middag. Etter middag kunne me velge mellom disco og grilling av pinnebrød. Risvoll skule sov i bålstua denne natta.
Torsdag:
Etter frokost og morgensamling fekk me velge mellom fire forskjellige turer. Den dagen blei det veldig dårleg ver og regn heile dagen. Etter turene møttest alle og hadde bekkevandring. Det var veldig kaldt. Til middag hadde vi kyllinggryte og veldig god sjokoladekake til dessert. Me pakka bagasjen og var klare til å reise hjem.
Tusen takk for ei veldig gøy veke. Me hadde det veldig kjekt her og reiser hjem med noen gode minner. Takk for oss!





































