
Fantastisk haustveke med 7. trinn frå Stangeland skole
september 11, 2026
Flotte haustdagar for 8.klassingane i Vikedal og Ølen
september 25, 2026
Både lærarar, elevar og me er samstemte på ein ting – Leirskule er viktigare enn nokon gong
Logg for veke 38-2026 Hystad og Rommetveit skule, 7.kl.
Måndag:
På mandag møtte alle utanfor skulen og var klare for å sitte litt over to timer i buss. Bussturen varte lenge, for me gledet oss og var nervøse samtidig. Då me kom fram, blei me godt tatt imot av kjekke vaksne på leirskulen. Me pakka ut og gjorde oss klar for tur. Alle blei delt opp i tre grupper og gjorde litt forskjellig, men alle fekk moglegheita til å bade, og fiske.
Tysdag:
på tirsdag blei me delt inn i fire grupper der ein og to gjekk til vatnet, mens tre og fire gjekk i skogen. De i skogen fekk smake på pinnabrød med sukker og kanel, de på vatnet sløya fisk, rodde i båt, og brukte kano. Då me kom tilbake til leirskulen, fekk me god taco til middag, nam. Guttene på Hystad sov i bålstova.
Onsdag:
På onsdag gjekk gruppe ein og to i skogen, og gruppe tre og fire til vatnet. Dei på vatnet fekk smake på fisk som dei har sløyd sjølv, dei fleste likte fisken veldig godt. På kvelden så gjekk nokon elever på Rommetveit i Bålstova og overnatta.
Torsdag:
Me fekk velgje mellom fire turar. Den eine var til toppen av Såto, og den andre var til eit vatn på vei opp til Såto. Der fiska me, og me fekk to fisk! Den største var fire hundre gram. To av turane blei blanda i lag, og dei gjekk litt seinare, på ein roleg tur til Stavastølen. Alle møttest med ein bekk, og visst me ville kunne me bekkevandre. De fleste syns det var veldig gøy. På kvelden var det disco. Etter discoen gjekk jentene på Hystad opp i bålstova. Dei jentene som prøvde, klarte det!
Fredag:
På fredag når me våknet, begynte me å pakke, etter frokost måtte me gjøre masse oppgaver får å rekke å rydde ferdig før me skulle gå. Før me gjekk fekk me vite kven som hadde ryddigast rom, og me fekk utdelt diplom. Me kjørte i elleve tida og kom oss heim etter ein gøy veke. Takk for oss!





































