Vått i vått med Langeland skule

Spreke elevar frå Aspervika
juni 21, 2019
Flotte dagar på Gullingen med 8. trinn frå Vikedal skule
august 29, 2019
Spreke elevar frå Aspervika
juni 21, 2019
Flotte dagar på Gullingen med 8. trinn frå Vikedal skule
august 29, 2019

No er me i gong med leirskule igjen! Me starta med ein heller blaut veke. Nærare 120 mm regn har me fått frå måndag av, men det går bra når me har elevar som er flinke å kle seg. Under kan du lese kva dei har opplevd denne veka.

Måndag:
Måndag morgen var alle spente på kordan leirskulen såg ut. Me pakka og styrte på siste
resten av tingene me skulle ha med. Når me kjørte opp for å møta oppe på skulen, sto bussen der klar til å kjøre oss. Det blei eit par busstoppar, men det gjekk heilt fint. Etter 3 timar i buss var me veldig utolmodige og ville sjå denne FANTASTISKE leirskulen. Så då var me endelig komme fram. Alle passa på å ikkje gå i sauebesj me ein gong dei kom utav bussen. Me hadde gått opp utanfor A og B- fløyen då skulle dei lese opp kven som skulle sove på da og da rommet. Da var berre ei flom bølga som kom over oss av glede. Rommene var skikkeleg fine. Me pakka ut og etterpå drog me ut på ein bli-kjent tur. Der høyrte me om forteljingar om huldrafolket, og me leika gullingen-gjemsel. Dei som ville kunne bada i det iskalde vatnet. Det var veldig gøy, sjølv om det var kaldt. Så etter me hadde gått tur skulle me ete middag. Lapskaus var første ting me skulle eta.

Tirsdag:
Me blei vekt me at noken kom og banka på døro våras. Me kledde oss og gjekk opp til frukost. I dag skulle me bli delt inn i grupper, alle tre gruppene skulle ut på tur i skogen. Når me hadde gått eit lite stykke skulle me setta opp tak i skogen og brenna bål. Me hadde pakka me oss ost og skinke brød. Så hadde lærarane med seg pinnabrød. Før me laga bålet skulle me finna små pinnar, for me skulle lage kolstiftar og dei sto i midten av bålet. Så når me kom heim var det fritid igjen, men pluss kiosken var open etter middag så me koste oss me snop og lo heile kvelden.

Onsdag:
Då skulle me ut og padla i kano og trekka garn. Me va fortsatt delt inn i dei same tre gruppene. Me var litt mange, men då skulle heller noken ro i robåtar. Me skulle ned til innsjøen og ta fram kanoane. Då me hadde kommet oss utpå skulle me bort til eit svaberg og ta oss ein lita skiva, og me skulle trekka garn. I garnet var det veldig mange små, men fine fiskar. Me hadde to garn, men den andre blei det berre ein fisk i. Når me trekte kunne dei som ville brekke hovudet på fisken. Me tok me oss all fisken til ei lita strand, og der brente me bål. Så skulle me grilla fisken me hadde fått. Me lærte kordan me skulle sløye fisken, så skulle me krydra den. Og den fisken var den beste fisken me nokon gong har smakt. Men me skulle og til slutt padla heim igjen.

Torsdag:
Ein siste heil dag var igjen og alle synest det var litt dumt, men det var fortsatt veldig gøy. Me kunne i dag velga mellom tre tura: ein kort, ein middels long og ein litt long tur som eigentlig ikkje var så long som me hadde trudd den skulle vere. Etter turane skulle me gå ned og bekkevandra. Det var noko av det gøyeste og mest kalde me nokon gong har opplevd. Nokon mista skoen sin og nokon mista hetto og lua si, men likevel var det veldig gøy. Så når me kom tilbake for alle rett i dusjen og det var veldig deilig. Så etter da skulle me eta og nyta siste heile dagen igjen.

Fredag:
Alle vakna og for opp får å ete frukost og får nokre besjeder om kordan denne dagen skulle bli. Etter da skulle alle pakka og gjøre seg klare til at bussen skulle komme. Men detta var nok den gøyaste veko i heile 2019.

Me hadde ei fantastisk SUPERVEKE!!!