Endeleg leirskule for Rosseland skule

Denne veka har me hatt besøk av 7. trinn ved Lye skule. Her er nokre stemningsbilder frå veka.
januar 21, 2022
Snø! og smilande elevar frå Bømlo
februar 4, 2022
Denne veka har me hatt besøk av 7. trinn ved Lye skule. Her er nokre stemningsbilder frå veka.
januar 21, 2022
Snø! og smilande elevar frå Bømlo
februar 4, 2022

Rosseland skule 6. trinn har opplevd ei veke prega av mykje mestring. Sjølv med lite snø, har det vore lite å utsetta på turgleden. Her kan du lese og sjå bilder av litt av det dei har opplevd.

Måndag)

På måndag begynte me dagen med å køyra til Gullingen.Når med kom fram begynte alle og pakke ut av baggar og sekkar. Etter utpakning av klær var det klart for og gå på tur. Me hadde gått eit lite stykke så stoppa me for å leika ein leik.På denne turen lærte me om litt forskjellige ting ute i naturen. Me leika og mange gilde leikar. Etterpå drog me tilbake til leirskulen for å eta middag. Me gjekk å la la oss og gleda oss til neste dag.

Tysdag)

På tysdag begynte me dagen med å eta frukost og gjera oppgåvene me hadde fått. Me skulle på morgonmøte for å få vite meir om tysdagens tur og lære litt om dyr i naturen. Då med skulle på skitur blei alle veldig glad, det hadde altså snødd mykje sidan måndag. Deretter gjekk me på skitur. Når me hadde gått litt så stoppa me og åt litt lunsj. Etter ein god dag på ski kom me heim til tacotysdag. Då blei me glade.Også blei det kveld nokon spelte kort andre slappa av. Så var kveldsmaten på bordet 19.45. Så gjekk alle og la seg klokka 22.00.

Onsdag)

Onsdag sto med opp akkurat som vanleg. Åt frukost og gjekk på morgenmøte klokka 09.00.På morgonmøte fekk med vite på onsdag igjen at med skulle på skitur. Då gjekk me eit stykke på ski, men denne dagen skulle me sette opp lavo og grilla osteskive på bålet i lavoen. Etter skituren kom med heim til gode kjøttkaker med poteter og brun kjøttkakesaus. Så hadde me is til dessert. Me gjekk ut på ballbanen gjekk opp i bakkane og rant på rompebrett ned igjen. DET VAR GØY! Då me kom tilbake til leirskulen spelte me litt kort og andre brettspel. Så var det kveldsmat ,så slappa me av før nokon av oss gjekk opp for å prøve å sove i bålstova.

Torsdag)

På torsdag våkna nokon av oss opp i bålstova, mens nokon var klar for ny dag, var med andre trøtte fordi med ikkje fekk nok søvn. Men det blei frukost då også sjølv om me var sletne. Onsdag natt hadde det regna mykje så me kunne altså ikkje stå på ski. Då tok Kjersti oss opp til bålstova og ennå litt lenger. Då fekk me eit kart med sko følge. Me skulle rett og slett holde på med orientering som var gildt. Når me blei ferdige skulle me i peisastova og eta maten me hadde lagd. Då fekk me ein liten dessert, Pinnebrød med kanel og sukker litt som kanelsnur.

Så gjekk me heim til leirskulen denne dagen skulle bli meir stress. Det var altså elevar som ikkje følte seg så bra dei tok corona test og fekk positivt på testen. Då blei det også fleire smittetilfelle. Lærarane fekk kontroll og me fekk gå i kiosken å eta kveldsmat.

Fredagen kom og leirskulen var slutt. Nå gjensto det bare og rydda heile leirskulen og rett i bussen heim. Takk fra 6 trinn Rosseland skule for ein kjempe gild opplevelse.