
Glimt frå ei flott veke med Meling skule
januar 21, 2022
Endeleg leirskule for Rosseland skule
januar 28, 2022
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Måndag:
Me kom til Gullingen mellom 11 og 12. Me blei tatt fint imot og blei vist kor romma våre var. Etter me blei kjent med A og B fløyene skulle me på skitur og lære å stå i bakker. Me hadde leiker som for eksempel hauk og due og stiv heks. Me fekk ein veldig god pølselapskaus til middag. Me fekk også is til dessert. Seinare om kvelden koste me oss me leik og moro ute i snøen.
Tysdag:
Me blei vekte kl. 7 og me åt ein god frukost kl. 07:40. Etter frukosten var me på morgonmøte, og det varte i 45 min. Me lærte om naturen. Kl. 11 skulle me ut på skitur og blei delte inn i tre grupper. Alle gruppene gjekk på ski i Breidastølsdalen, og me måtte gå eit stykke til fots. Når me kom til den store matpausen lagde me bål og leikte på skia. Me lagde portløyper, slalåmløype og humpløype. Det var veldig moro for alle samen, og me hadde det veldig kjekt. Når me gjekk heimover var det veldig fint å gå. Me fekk sjå korleis naturen rundt såg ut og alle synes det såg veldig fint ut. Når me kom tilbake fekk me taco til middag. Om kvelden var det mange som spilte brettspel og kort. Det var nokon som var tøffe nok til å sove i Bålstova.
Onsdag:
Me blei vekte til vanlig tid og åt ein god frukost igjen. På morgonmøte fekk me læra om dyra i naturen på Gullingen. Det var veldig spennande å læra om Storm og Tinde som er to fjellrevar. Seinare gjekk me på tur i dei same gruppene som tysdag. Då skulle me læra å orientera og lese kart. Me blei delt inn i mindre grupper. Det var orienteringsbingo og det var eit par grupper som vant. Når me var ferdige grilla me osteskiver på bålet. Me fekk litt pinnebrød kvar og dei var veldig gode. Etterpå gjekk me ein liten tur for å finne bakker til å ake i med rumpebrett. Til middag fekk me kjøttkaker og gele til dessert.
Torsdag:
På torsdag måtte alle teste seg og eit par måtte reise heim. Etterpå var det frukost og som vanleg var den god. Med såg Storm og Tinde 2 på morgonmøte og lærte om snøskred. Så var det valfri mellom ski og fottur. Me som skriv gjekk på fottur. Me gjekk og akte i mange bakker og var todelt i grupper på fotturen. Dei som gjekk hadde det også gøy. Til middag var det kyllinggryte og sjokoladekake til dessert. Etter middag var kiosken open, den var også open på tysdag. Om kvelden var det nokon andre som fekk sjansen til å overnatte i Bålstova.
Fredag:
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
- OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Alle måtte teste seg igjen og etterpå var det frukost den var god. Alle måtte pakke og gjer seg klar til avreise. Det var morgonmøte kl. 10 og då lærte me mykje spennande. Me reiste kl. 11 og alle hadde hatt ei fantastisk veke. Det var alt me har gjort på Gullingen.












































