Snø! og smilande elevar frå Bømlo

Endeleg leirskule for Rosseland skule
januar 28, 2022
Snø og glede med Rosseland skule
februar 4, 2022
Endeleg leirskule for Rosseland skule
januar 28, 2022
Snø og glede med Rosseland skule
februar 4, 2022

I denne veka har me hatt gleda av å få besøk av 7. klassingane frå Rubbestadneset skule på Bømlo. Og med dei kom også snøen 🙂

Elevane har storkost seg på ski, sjølv om snøen til tider har lava ned.

Under finn du elevane sin eigen logg for veka, og mange flotte bilde.

Logg for Rubbestadneset skule, 7. trinn

Måndag)
Me starta med å ta bussen til Gullingen. Då me var framme, fekk me tid til å pakka ut, før me skulle ut på ski. Det var ikkje så mykje då me kom, men da blei mykje meir i løpet av veka. Me hadde ein skileik og sto litt i bakkar. Me gjekk heim i 16-tida. Så skulle me eta middag. Til middag var  da lapskaus. Fyste kvelden brukte me tida på å pakka ferdig og berre sjå oss litt rundt. Men nokon valte også og gå ein mørketur etter middag. Da alle var nede, slappa me av og venta til kvelds kl. 20:15. Alle gjekk i seng 22:00 og gleda seg til nesta dag.

Tysdag)
Alle vakna før frukost for å gjera oppgåvene me hadde fått. Me hadde ei jenta som hadde bursdag i dag. Me åt frukost, og så gjekk me for å ha ein morgonsamling.  Der me lærte om nokon dyre typar og fekk veta litt kva me skulle gjera løpet av dagen. Alle gleda seg til middag for me skulle ha taco. Me sto på trugar og gjekk ein liten tur på dei. Då me var på vei ned hadde me ein type bingo med O-kart. Då alle var nede, gjekk me til der me hadde vore på måndag. Der hadde me stiv heks og hauk og dua til oppvarming, før me skulle renna i bakkar, der me lagde slalåmløypa og litt forskjellig. Dei som ville, fekk sova i Bålståvo denne kvelden.

Onsdag)
Dei som sov i bålståvo hadde kommt ned i løpet av natta, for det var ingen som fekk sova, og da blei veldig kaldt. Mange var trøtte og ingen var heilt klar for å gå på tur. Me la ned skiene i ein tilhengar og gjekk til ei skiløypa. Me gjekk ut i den lause snøen og lagde sittebenker og bål-bord. Etter matpausen, lagde me til ein bakka me kunne renna i, med orgeltramp, hopp og litt sånn slalåm ting. Alle var veldig kalde og gleda seg til middag, me hadde kjøttkaker og poteter med brun saus. På kvelden var det mykje moro med leik og spill.

Torsdag)
Dagen starta med å gjera oppgåvene før frukost. Etter frukost gjekk me ned me skiene i tilhengaren og skulle gå same turløypa som i går berre at me gjekk til ein løypa som var preparert. Me satt opp ei lavvo og lagde til noe av da same bål bord og sånn som i går. Dei fleste grilla seg toast og drikka kakaoen sin. Me fekk også dessert, og det var pinna brød med kanel og sukkar slik at da nesten blei kanelsnurr. Til middag var da kyllinggryta, trur alle likte da. Kiosken var også open etter middag. Det vart den siste kvelden på Gullingen, og me skulle ha diskotek, nokke som alle gleda seg til. Etter diskoteket hadde me ein quiz før me skulle leggja oss.

Fredag)
Kl. 11:00 er me klar til avreisa og da vart mykje me skulle gjera. Alle måtte pakka og vaska der dei fekk beskjed om. Kl. 10:00 skulle me væra i peisestova for der skulle me ha ein type oppsummering på kva me hadde lært og få sjå litt av dei bildane. Ingen ville eg heim i dag for alle syntes da hadde vore så kjekt, men trur dei fleste gleda seg til å komma heim og slappa av litt. Da var mange som aldri hadde stått på ski før men alle hadde blitt kjempe gode på denne tida.