
Flott veke i haustfjellet med Sauda-elevar
september 23, 2022
Flott haustveke med elevar frå Vindafjord skule
oktober 6, 2022
7.klassingane frå Langeland skule på Stord har hatt ei opplevingsrik og flott veke på leirskulen! «Den beste veka i mitt liv», var det til og med nokon som meinte. Nå er elevane på veg heim. Me takkar for lånet av elevane og ønskjer god helg. Nokon elevar har hatt i oppgåve å skrive logg frå veka idag, og her er det dei har skrive ilag med eit knippe bilde:
Veke 39 – 2022, Langeland skule
Måndag: På mandag ankom me Gullingen leirskule, me brukte dagen på å pakke ut og finne oss til rette. Me gikk ein tur ned til vannet sånn at dei som ville kunne bade. Etter turen spiste me midag det var lapskaus di fleste likte det, til dessert fikk me is og det var godt. Seinere på dagen var det mange av gutta som sprang i gangane, dei hadde mye energi. På kvelden var mange utslitt etter ein lang dag.
Tysdag: Tirsdagen så delte me opp i grupper på forskjellige aktiviteter. Den ene gruppen gjekk i skogen og den andre var ute på vatnet. I skogen fekk me lov til å tenne bål og lage kullstifter. Etterpå så teikna me med dei. På vatnet så fekk me trekka fiskegarn og padle i kano, me fekk også ro i robåt. Me grilla også fisken me fekk i garnet på bålet. Når me kom tilbake slappet me litt av og etterpå gjekk me i spisesalen og spiste taco. Etter taco var kiosken open, mange var veldig glade. Me avslutta dagen med litt kortspel og lekar.
Onsdag: I dag bytta me grupper dei som var på vatnet i går var no i skogen, og dei som var i skogen var på vatnet. Det var forskjellige aktiviteter der me kunne vinna premiar. Då me kom heim åt me middag, me åt kjøtkaker i brunsaus og gele til dessert. Ettermiddagen var dei fleste ute, dronningens nøkler og fotball var ein stor favoritt. Mange var i klatreveggen og klatra. Dei som ville sove i bålstova i A fløyen kunne det denne natta, nokon gjekk ned etter ei lita stund, men det var fortsatt mange igjen. Denne dagen blei ein velykka dag.
Torsdag: I dag kunne me velge mellom 4 turer. Den eine gikk opp til Gullingentoppen, og nr 2 gikk til ein foss og fikk stå under og bli litt våte, nr 3 var på fisketur til Svartevannet di fikk ikkje noko fisk men det var nok gøy for det .Tur nr 4 var ein rusletur med mange pauser til Uranuten. Alle turane endte opp i bekkevandringsbekken og det var kjempegøy å få bli så våt som ein berre ville. Da vi kom tilbake våte og fornøyde, sprang alle til ein varm dusj.Etter alle hadde dusjet var det middag. Me hade kyllinggryte det var veldig godt. Seinare på dagen var kiosken open og mange kjøpte sursild. Alle var litt slitne og leie etter ein lang dag, men etter kveldsmat var alle i godtt humør fordi det var diskotek, alle koste seg det var bra musikk og sånt. Litt før leggetid brukte nokon tida si på å pakke til morgondagen heilt til det var stilt i alle fløyene.
Fredag: På fredag brukte alle dagen på å pakke og gjere seg klar til reise. Vi fikk utdelt oppgaver av lærarene, og hjalp til med å rydde leirskulen. Me samlast i klasserommet og hadde ein avslutning. Me merkar at nokon begynner og bli utolmodige og gleder seg til å komme heim, sjøl om alle kommer til å savne tida på Gullingen leirskule. Når bussen kommer er me klare for ein rolig busstur heim, og kan bare si ein ting: takk for ei fantastisk veke på Gullingen leirskule!
Helsing alle på 7.trinn på Langeland skule

























































