Flott haustveke med Skjold skule

Flott veke med Vikedal :-)

september 5, 2025

Flott haustveke med 8.-klassingar frå Ølen og Skånevik skular

september 12, 2025

Flott veke med Vikedal :-)

september 5, 2025

Flott haustveke med 8.-klassingar frå Ølen og Skånevik skular

september 12, 2025

Denne veka har me hatt besøk av 8. klasse ved SKJOLD skule. Takk for lånet av kjekke elevar og lykke til vidare med ungdomskulen.

Under kan du lese og sjå bilder om kva dei ha opplevd her på Gullingen leirskule.

Veke 36-25 Skjold skule

Tirsdag

På tirsdag kom me på leirskolen ca kl 12.00.  Når me kom berte me bagasjen opp til A og B fløyen. Der blei med delt inn 3-4 stykk pr. rom. Etter at me hadde pakka ut hadde me informasjon i klasserommet. Etter informasjonen kledde me oss til ein bli kjent tur i skogen. Turen blei avslutta med eit bad i Mosvatnet. Etter tacoen kunne dei som ville fiske med stang ved Mosvatnet. Me fekk 3 fisk.

Onsdag

På morgonsamling lærte me om været og kva me skulle ha på oss og med i sekken. Me blei delt inn i 2 grupper. Den eine gruppa skulle starta å padla kano og den andre ro i robåt. Me trakk garn, sløydde fisken og grilla den på bålet. Alle som vill fekk smake på fisken, det var kjempegodt! Etter bålpausen bytta gruppene aktivitet. Etter kveldsmaten hadde me diskotek i klasserommet, det var veldig kjekt.

Torsdag

I dag skulle me gå tur i Fjellbjørkeskogen. Me lærte om planter og smakte på forskjellige bær. Me hadde Bingo orientering og leikar. I bålpausen steikte med osteskjeva og steikte pinnebrød med kanel og sukker til dessert. Knall godt!  På uteskolen i dag så gjekk me ein tuk og leikte Gullingen gjemsel og leikte ein annen lek som hetta Dronningens Nøkler, På slutten av dagen hadde me bekkevandring og rant på rekkje i bekken. Me blei blaute men det var knall kjekt! På kvelden overnatta 19 stykk i bålstova. Det blei lite søvn, men kjekt var det.

Fredag

I dag skal me reise him fra Gullingen Leirskole. Denne veka har vore heilt fantastisk, me har gjort så møkje kjekt og me komme aldri til å gløyme denna veka.

Takk for oss!

Helsing 8. klasse Skjold skule