Flott haustveke med 8.-klassingar frå Ølen og Skånevik skular

Flott haustveke med Skjold skule

september 5, 2025

Minnerik leirskuleveke for Saudaelevane

september 18, 2025

Flott haustveke med Skjold skule

september 5, 2025

Minnerik leirskuleveke for Saudaelevane

september 18, 2025

Måndag:
Me kom ein liten gjeng frå Skånevik til Gullingen leirskule. Etter å pakka ut bagasjen vår gjekk me ein liten tur for å bli kjent i området. Nokon av oss bada i Mosvatnet.

Tysdag:
Me blei delt i 2 grupper. Begge gruppene skulle til Mosvatnet. Me både padla kano og rodde i robåt. Me trakk garn og sløya fisken. Den pakka me i folie og grilla på bålet. Etterpå bytta me båtar og kanoar.
Ut på dagen kom ein god gjeng frå Ølen. Me pakka ut bagasjen vår og gjekk ein liten tur i området rundt leirskulen. Me så ikkje så mykje, for det var tett tåke. På slutten av turen bada dei tøffaste i Mosvatnet.
På kvelden prøvde nokon fiskelykka, men fekk ikkje fisk.

Onsdag:
I dag blåste det godt. Alle gruppene dro på tur i skogen. Me lærte litt om ulike plantar, om spor frå istiden. Me fekk også tid til litt leik og buldring. Me lærte å fyre bål. På bålet grilla me nista vår, steikte kanelsnurr og laga kolstifter. På slutten av  dagen gjekk me ei orienteringsløype.

Torsdag:
Nok ein vindfull dag på leirskulen, men det var varmt og sol. I dag fekk me velje mellom ulike turar. Ein god gjeng fekk med seg utsikten frå to flotte fjelltoppar. Andre prøvde fiskelykka i fjellvatna, og fekk fisk. Den siste gjengen hadde ein roleg tur i stølsområdet. På slutten av dagen prøvde me bekkevandring. Det var både vått og kjekt!