Flott veke med Vikedal :-)

Rekordveke på leirskulen!

august 29, 2025

Flott haustveke med Skjold skule

september 5, 2025

Rekordveke på leirskulen!

august 29, 2025

Flott haustveke med Skjold skule

september 5, 2025

God fredag!

I denne veka har me hatt gleda av å ha 8. klassingane frå Vikedal skule med oss ut i naturen under Gullingen!

Og trass i nokre kraftige regnbyger, strålte elevane og tok utfordringane på strak arm.
Me takkar for «lånet» av elevane og ønskjer dei lukke til vidare i ungdoms-skulen.
Under finn de elevane sin eigen logg frå veka, og nokre flotte blinskot ute på tur.

Logg for veke 36-25.
Vikedal skule, 8. trinn

Tysdag: Når me kom, så blei me tatt godt imot av dei som jobber på Gullingen, me fikk pakke ut og bli kjent med plassen,så gjekk me ein liten tur og endte opp nere med vannet, der me fekk muligheten om å bade. Slutta dagen med ein god taco.

Onsdag: Me starta dagen med ein god frokost, og gjorde oss klare for ein tur. På turen fikk me lære om planter og bær, me fikk grille osteskive, blåbær saft og pinne brød. På enden av turen hadde me orientering. Til middag fikk me servert lapskaus og enda dagen med musikk bingo og soving i bål stova.

Torsdag: Me starta vi dagen med å gå ned til vannet for å ro og padle, me padla ut til ein liten holme der me lærte og sløye fisk og sette opp lavo og fikk ete god mat. Så rodde vi tilbake for og gå til bekken og bekkevandre og det synes vi var det kjekkeste med leiren. Når kvelden kom hadde vi disko i klasserommet og det var deg god stemning og alle hadde det kjekt.Så var det tid for å sove..

Fredag: Me sto opp og spiste frokost og begynte og pakke, når pakkinga var ferdig begynte vaskinga og ryddinga. Så var det avsluttning i klasserommet og i C- stova så var det tid for hjemreise.
Dette har vore ein leir me aldri kommer til å glemme siden det var god stemning og godt forhold mellom alle heile vegen, og dette er ein leir me vil komme tilbake til:)

hilsen Vikedal ungdomskule!