
Variert og innhaldsrik haustleirskule for Hystad og Rommetveit
oktober 20, 2023
Flotte opplevingar for 8. trinn frå Ølen skule
november 3, 2023
Tysdag:
På tysdag kom me til Gullingen leirskule i 11:30 tida. Me fekk god tid til å pakke ut og finne romma, etterpå møtte me på møterommet og fekk ein hyggeleg velkomst av leiarane. Dei fortelte oss korleis me skal kle oss og kva som skjer denne dagen. Me blei delt opp i tre grupper, på dei gruppene gjekk me på ein velkomsttur med mykje leik og spannande historier.
Etter dette var det tid for middag. Dei serverte oss lapskaus og flatbrød med is til dessert som middag. Etter middagen var opplegget ferdig, men dei som hadde lyst fekk lov å gå ned til Mosvatnet for å fiske litt. Dei andre hadde fritid til natt.
Onsdag:
Me stod opp i 7-tida før me gjekk til frukost kl. 7:45. Me fekk velgje mellom mykje deilig mat som brød, knekkebrød eller frukostblanding. Deretter var det våre første reingjeringsoppgåver som stod på planen. Etter dette var det tid for morgonmøte i klasserommet saman med leiarane. Me fekk vite kva me skulle i dag og kva me skal ha på oss. Planen for dagen er å dele opp dagen i to. Me blei delt opp i fire forskjellige grupper der to av gruppene skulle gjera det sama. Den eine stasjonen var orienteringsbingo mens den andre var å trekke garn og sløye fisk. Etter å ha sløya fisken lagde me eit bål der me grilla fisken og osteskiver. Dei fleste smakte på fisken. Etter å ha vore ute i ca. 4,5 t var det tid for å koma seg til leiren for å ete middag. Til middag blei det servert taco. Etter middag hadde me fritid før me hadde god kveldsmat.
Torsdag:
I dag var det turdag, og etter frukost og morgonsamling, kunne me velgje mellom fire turar: to-topps-tur, fisketur, eintopps-tur og ein roleg tur. Då me kom ned frå turane me hadde valt var det bekkevandring. Det var kaldt i vatnet, ca 2 grader, derfor ville ikkje alle prøva. Etterpå var det middag. Det var fortsett god mat, for i dag var det kjøttkaker. Etterpå var det fritid og disko til kvelds.
Fredag:
I dag var siste dagen på leirskulen. Me skulle ikkje på tur, men skal bare pakke og fera him. Me fekk god frukost før alle måtte begynne å vaske og rydde sånn at det ser fint ut når me reise him. Før me drar him har me ei siste samling med heile leirskulen samla.





































