Flotte opplevingar for 8. trinn frå Ølen skule

Flott haustveke med 8. trinn frå Vikedal og Skjold skular

oktober 27, 2023

Flotte opplevingar på førjulsleirskule for Hana skule

november 17, 2023

Flott haustveke med 8. trinn frå Vikedal og Skjold skular

oktober 27, 2023

Flotte opplevingar på førjulsleirskule for Hana skule

november 17, 2023

Tirsdag:
På tirsdag kom me til Gullingen leirskole. Me blei tatt godt imot, og vist rom og kor me skulle sove. Så var det samling i samlingsrommet kor me fikk vite litt kva som skulle skje. Etter det kledde me oss og var ute i skogen. Nokon såg ein hare. På slutten av turen gjekk den eine gruppa ned til vatnet, der kunne ein bada. Til middag var det lapskaus med sjokolademousse til dessert. Etter det var det fritid. Klokka seks kunne dei som ville, bli med opp i skogen saman med Aina der me tente bål . Aina fortalte litt skumle historier og lagde varm saft.

Onsdag:
På onsdag blei me vekte i 7-tida og spiste ein deilig frokost beståande av brød, knekkebrød, cornflakes og mykje anna. Etter frukost var det nokon som begynte på reingjeringsoppgaver. Så var det samling kor me fekk vite kva me skulle ha på oss. Så var det å kle på seg uteklær og samles ute. Me trakk garn, sløya fisk, satte opp lavo. Då det var lunsj pause grilla me ostesmørbrød og fisk. Så rydda me saman og gjekk opp i skogen der me hadde orienterings løype. Til middag var det taco, det var godt! Etterpå var det kiosktid!

Torsdag:
På torsdag var det tur-dag. Etter frokost og samling kunne me velge om me ville ta lang tur, middels tur eller kort tur. Dei som var på en korte turen hadde ein hund med seg. Alle gruppene blei godt fordelt. Me var ute i 4-5 timar, der grilla me pinnebrød. På slutten av turen kunne dei som ville bekkevandre, og det var det mange som ville. Til middag vart det kjøttkaker med forskjellige grønnsaker til. Seinare på kvelden vart det disko nede i kjellaren for dei som ville det, så vart det kveldsmat og me la oss i ti-elleve tida.

Fredag:
Dette var dagen me skulle dra. Det var god frokost med sjokolademelk til, etter det blei me fordelt på forskjellige ryddeoppgaver, inkludert å rydde våre eigne rom og bagasje. Så skulle me samlast på samlingsrommet der me skal ha ei slags prøve for å få vite kor mye me har lært.

Så var det vel takk og farvel….

Takk for oss, det har vært ei glede og få vært her.