
Ei knallgod leirskuleveke for Trones
oktober 6, 2023
Flott haustveke med 8. trinn frå Vikedal og Skjold skular
oktober 27, 2023
7.klassingane på Hystad og Rommetveit har hatt ein god veke i lag på Gullingen leirskule. Dei har opplevd alt ein kan tenka seg av vêr: snø, regn (mykje), vind (mykje), sol… Men alt dei har møtt av både vêr og aktivitetar har elevane tatt på strak arm og med stort pågangsmot. Mykje har dei både lært og erfart i lag denne veka.
Her er elevane sin tekst frå veka, og litt bilde:
Veke 42 – 2023
Rommetveit og Hystad
Måndag:
Me møtte opp på bussholdeplassen ved siden av skulen kl 08:15. Bussturen gjekk fint. Me kom opp på Gullingen cirka kl 11:25. Når me kom ut frå bussen var det ganske kaldt for me var så langt oppe i fjellet. Me blei delt inn i rom og fløyer. Hystad var i C og Rommetveit var i A og B, og nokon frå hystad var og i B. Etter me hadde pakka ut, og funnet oss til rettet skulle me ned i klasserommet for å vite meir om gullingen og turane. Me blei delt opp i grupper på tvers av skulane. Me gjekk ein liten bli kjent tur i området og avslutta me bading for dei som ville.Til middag var det lapskaus og isabella is til dessert. Etter middag kunne dei som ville vera med å fiske.
Tysdag:
Tysdagen våkna me cirka kl 07:00. Til frokost hadde me skive med masse godt pålegg. Me måtte lage våres egen nistepakke. Me hadde morgonsamling kl 9.00. Der lærte me om veret og korleis me skulle kle oss.Etterpå blei me delt inn i 5 grupper. Gruppe 1, 2 og 3 skulle opp i fjellskogen, og gruppe 4 og 5 skulle på Mosvatnet å padle kano og ro båt. På vatnet trekte garn og korleis sløye fisk. Etterpå laga me bål, grilla osteskive og fisk tilslutt. Dei som skulle i fjellskogen gjekk tur, lærte om planter og korleis me lage bål. Me grilla ostaskjeva og pinnabrød og laga kullstifter. Når me kom heim fra turane var det middag. Då fekk me taco! Alle var fornøyde. Istedet for dessert var det kiosk. 17 stk frå Rommetveit overnatta i bålstova. Det var kjekt opplevelse.
Onsdag:
Me sto opp, åt frukost og laga nistepakke. Etter at alle hadde gjort rydde oppgåvene sine var det morgonsamling. På morgonsamlinga lærte me og planter og dyra her på Gullingen. Været var veldig fint med mykje sol. I dag blei det bytte av aktivitet. Gruppene som var i skogen på tysdag skulle nå vera på vatnet. Og dei som var på vatnet skulle vera i skogen. Til middag var det kjøttkaker med poteter og grønnsaker. Me fekk gele og vaniljesaus til dessert. Etter middagen hadde hystad + nokon frå rommetveit mørkegjømsel. Kjempe gøy! Hystad skulle sove i bålstova, men alle gjekk ned igjen for det var så mykje vind.
Torsdag:
Me sto opp, åt frukost og gjorde ryddeoppgåvene våre. På morgonsamlinga hadde me om historie om gullingen området og førstehjelp på tur. I dag skulle me på fjelltur heile dagen. Me kunne velge mellom 4 turar. To toppstur, Eintoppstur, fisketur og roleg tur. Det var veldig gøy! Veret var fint, med det var vindfullt. Til middag hadde me kyllinggryte og ris. Det var kiosk i dag, men me fekk friskis uansett. Etter kveldsen var det diskotek. Hystad og Rommetveit måtte var kvar for seg. Det var litt dumt, men me hadde det gøy.
Fredag:
På fredagen måtte me pakka med ein gang me våkna. Me åt frukost og pakka litt meir. Alle måtte gjer kvar sine oppgåver, som å plukke søppel og rydde. Me var heldige og fekk lov til og skrive denne loggen. Me er veldig takknemelige for å ha fått lov til å oppleve ei veke på leirskule.
Takk for oss Gullingen!
























































