Flott haustveke med 8. klassingar frå Vikedal og Ølen skular

Langeland starta skuleåret på Gullingen leirskule!
august 23, 2024
Sommar på haustveka til Kleivane og Leirvik
september 6, 2024
Langeland starta skuleåret på Gullingen leirskule!
august 23, 2024
Sommar på haustveka til Kleivane og Leirvik
september 6, 2024

Tysdag:
Me gjekk ein tur rundt leiren og gikk ned til vatnet og fekk lov å bada.

Noken var ute og hadde leikar mens andre var inne og pakka ut. Til middag åt me lapskaus, det var veldig godt. På kvelden satt me i stova og spelte og snakka.

Onsdag:
Me var ute på kanotur og drog opp fiskegarn. Me renska og sløya fisken selv. Når me hadde matpause grilla me fiskane me fekk i garnet. Resten av kvelden var nokon på fotballbanen og spelte fotball før folk begynte å gå opp til Bålstova.

Torsdag:
Me fekk velge mellom 1-toppstur eller 2-toppstur. Det var veldig stygt vèr når me begynte å gå, men letta utover dagen. Me fant ein plass og grilla og satt opp duken. Til mat hadde me nista og til dessert fekk me pinne brød med kanel og sukker som me steikte på bålet. På veien him fant me ein bekk som me bekkevandra i med regnkler på. Om kvelden var det disco, og ein gjeng frå Ølen sov i Bålstova.

Fredag:

Me pakka oss ut og vaska rundt på leiren før me reiste heim med bussen.