
Flott haustveke med 8. klassingar frå Vikedal og Ølen skular
august 30, 2024
Haustsemning med Iglemyr
september 13, 2024
Ei veke med det meste: frå trollsk hauststemning på Mosvatnet til «Indian Summer». Ei flott leirskuleveke med mange kjekke opplevingar og god meistring for elevane frå Kleivane skule i Sandnes og Leirvik skule på Stord.
Her er litt frå elevlogg og eit knippe bilde:
Veke 36-24 Leirvik skule og Kleivane skole, 7.kl.
Måndag: På morgonen stod me spente og klare til å reise til leirskule. På leirskulen møtte skulane kvarandre. Me blei godt tatt i mot av leirskule lærarene. Deretter fekk me utdelt rom, åt nista, og hadde møte i klasserommet. Etterpå gjekk me bli kjendt tur, og avslutta turen med bading i Mosvatnet. Det var veldig gøy og kaldt. Til middag det var lapskaus og is på menyen. På kvelden kunne dei som ville fiske ved Mosvatnet. Dei fekk 3 aurar. Gutane frå Lervik fekk muligheten til å sove i bålstova første natta.
Tysdag: Me sto opp, åt frukost og gjorde ryddeppgåver. Kl 09:00 hadde me morgonsamling. opPå morgonsamlinga lærte me om været, korleis me skulle kle oss og ha med oss i sekken Me blei delt skulevis i 5 grupper. Denne dagen var me i fjellskogen. Me hadde lærte om planter og smakte på forskjellige bær. Me laga bål, lagde blåbær suppe, steikte pinnebrød og ostaskjeva. Alle gruppene hadde bingo orientering med 10 postar. Til middag var det taco og kiosk til dessert. På kvelden spelte me fotball, Leirvik mot Kleivane. Leirvik vant 4-2. I dag var det Kleivane sin tur å sove i bålstova.
Onsdag: Me sto opp, åt frukost og gjorde rydde oppgåvene våre. Kl 9:00 var det morgonsamling. Me lærte om dyra som leve på Gullingen. Etter morgonsamlingadet var det på tide og gjera seg klar til uteskule. I dag skulle me vera på Mosvatnet å trekke garn, padla kano og ro i robåt. Det var veldig gøy, og me fekk smake på fisken. Til middag åt me kjøtt kake i brunn saus, det var veldig godt. Til dessert var det friskis. Etter middag bada me i Mosvatnet. På kvelden lagde Leirvik bål og steikte pinnabrød og Kleivane hadde diskotek. I kveld var det jentene frå Leirvik sin tur å sove i Bålstova.
Torsdag: Me sto opp, åt frukost og gjorde rydde oppgåvene våre. Kl 9:00 var det morgonsamling om kven som hadde levd her på Gullingen. I dag skulle me gå fjelltur, og me kunne velge sjølv kva tur me ville gå. Me kunne velge mellom tur til Uranutan, to toppstur til Såtå og Uranuten, Fisketur til Svartavatnet og roleg tur i Stavastølsdalen med trekkhundane Alfa, Ylva og Saga. Etter at me var ferdige med turane skulle me bekkevandre. Det var knallkjekt og ganske vått. Til middag fekk me kylling og ris, og sjoklolade mosse til dessert. Denne kvelden hadde Leirvik diskotek og Kleivane kunne overnatte i Bålstova.
Fredag: Me stod opp, åt frukost, rydda og pakka tinga våre. Klokka 10 skal me ha samling og etterpå skal me reise heim. Denne veka har me gjort mykje kjekt, og me er glad for at me fekk oppleva ei veke her oppe. Takk for oss!