Langeland starta skuleåret på Gullingen leirskule!

Sommarhelsing frå Gullingen
juni 21, 2024
Flott haustveke med 8. klassingar frå Vikedal og Ølen skular
august 30, 2024
Sommarhelsing frå Gullingen
juni 21, 2024
Flott haustveke med 8. klassingar frå Vikedal og Ølen skular
august 30, 2024

Endeleg er me igong igjen! Me har hatt besøk av 7. klasse frå Langeland skule. Under kan du lesa og sjå det dei har gjort og opplevd:

Veke 34 Langeland skule, 7.kl.

Måndag:

På Måndag rulla bussen inn på parkeringsplassen. Endelig var me framme etter ein lang busstur. Etter me hadde gått av bussen så blei det ropt opp kven som skulle sova på samma rom. Då me kom inn på rommet pakka me ut tinga våres. Ei lita stund etter me hadde pakka ut gjekk me på ein liten tur nærme bålhytta og litt lenger vekke. Så spiste me lapsgaus, etter det gjekk dei som ville på fisketur.

Tysdag:

På Tysdag gjekk me på ein tur der var det ein stor stein som me prøvde å skubbe ned fjellet. Det fekk me ikkje til og så slo me leir. Me grilla ostesmørbrød og pinnebrød på bålet, og me lagde også kolstifter som me mala i ansiktet på kvarandre. Når me kom tilbake så spiste me taco. Det var kjempe godt. Og etter det så skulle jentene sove i bålhytta. Jentene starta som 18 og endte opp som 9 stk.

Onsdag:

På Onsdag padla me i kano og rodde i robåt, og så trakk me garn me fekk masse fisk. Me grilla fisken på bålet. Det var veldig godt. Når me kom tilbake til leirskulen så spiste me kjøtkaker i brun saus. På kvelden skulle gutane sova i bålhytto. Det gjekk ikkje bra, det var altfor mykje bråk og mange gjekk ned. Gutane starta som 24 og endte med 11/12.

Torsdag:

På Torsdag kunne me velge mellom Ein-topps-tur, Fisketur eller To-toppstur. Heilt i slutten av alle turane var me i fossen for og teste reinkleda våre også bekkevandra me. Gruppe for gruppe og fløyt nedover bekken det var kjempegøy! Også hadde me kylling suppe og nudler til middag.

Fredag:

På Fredag har me pakka og rydda oss ut av alle romma, mange har stressa over om dei har glemt noke. No skal me snart rydda oss ut i bussen. Mange gleder seg til og komme heim til familien og sine eigne soverom.

Dette har vert ei utrulig kjekk veke og me har storkost oss veldig! 🙂