Minnerik leirskuleveke for Saudaelevane

Flott haustveke med 8.-klassingar frå Ølen og Skånevik skular

september 12, 2025

Super haustveke med elever frå Trones skole

september 26, 2025

Flott haustveke med 8.-klassingar frå Ølen og Skånevik skular

september 12, 2025

Super haustveke med elever frå Trones skole

september 26, 2025

Det blei ei intens og minnerik veke for 7. trinn frå Sauda skulane. Me fekk oppleve hausten på sitt beste med sol, regn og litt vind. Sjå meir av kva dei opplevde her.

Austarheim, Risvoll og Fløgstad skular

På måndag kom me til leirskulen. Då tok vi bagasjen ut av bussen. Når vi var ferdig, var det ein mann som ropte hvor me skulle sove og kven vi skulle sove med. Etter det gjekk me innpå rommet og pakket ut av baggane/sekkene. Så blei me delt i 2 grupper og gjekk på ein tur til å bli kjent med området, det var og nokon få som bada i Mosvatnet.

På tysdag padla me i kano og lagde bål. Etter det trakk vi garn og fikk mange fiskar til saman. Me lærte å sløye fisk. Etter det grilla vi fisken på bålet. Fisken var god. Når vi kjem tilbake til leirskulen åt vi taco.

På onsdag gjekk vi på fjelltur vi ble delt inn i 4 grupper, det var 4 forskjellige turar den lengste var lang og den korte var sakte. På turane lærte vi å tenne bål, vi spiste pinnabrød og ostesmørbrød. Til middag var det kjøttkaker og brun saus.

På torsdag gjekk vi på bingo-orientering i skogen, vi bekkevandra i bekken. Me reiste og hjem.