Flott første vår-veke med smilande Stord-elevar

Fantastisk veke med elevar frå Ganddal skole
april 30, 2021
Sande skole har hatt ei super veke på leirskule!
mai 21, 2021

Ein super 7. klasse gjeng frå Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg skular er no på veg heim til øya etter si super-veke på leirskulen.
Vêret har vore av den kjølige typen, med snøbyger, og kuling å tysdagen. Men så roa vêret seg og me så også sola innimellom. Men trass i vekslande vêr har elevane smilt og hatt det svært bra heie veka. Isbading, fjellurar på snø og bekkevandring er berre noko av det me har gjort denne veka.

Me takkar for “lånet” av flotte elevar, og ønskjer dei lukke til på veg mot felles ungdomskulen til hausten.

Under finn du mange bilder frå veka, og elevane sin eigen historie om Super-Veka 🙂

Logg veke 18 i 2021

Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg skular, 7. trinn

Mandag:
Etter den lange buss-turen, kom me endeleg fram til leirskulen.
Då me hadde funnet fram til rommene våre, gjekk me ein liten tur for å bli kjend i området. På turen lærte me om både plantar og fuglar. Då me hadde kommet heim fra turen, fekk me ein god lapskaus til middag. For å avslutte dagen med noko kjekt, hadde me ein spennande akebrett-konkurranse.

Tirsdag:
I dag våkna me opp til masse vind, og ein god frukost. Etter det var me klare til ein ny tur. Me kledde på oss og gjekk ut. I dag lærte me enda meir om planter, og kva man kunne spise og ikkje. Me lagt pinnekake på bål, og me hadde også orientering. Då me kom heim, sto taco på menyen. Det var elevane frå Sagvåg skule som fekk sova i den koselige bålstova denne natta.

Onsdag:
I dag fekk me velga mellom tre kjekke turar. Det virket som om alle hadde det kjekt når me sette avgårde ut i fjellene. I dag hadde kokkene lagd nokre veldig gode kjøttkaker til middag. Etter middag, gjekk nokre elevar ned til Mosvatnet for å fiska. I dag var det Tjødnalio sin tur til å sova i Bålstova.

Torsdag:
Me våkna opp å var klare til ein ny dag. Etter frokosten gjekk me ned til vatnet for å padla kano. Etter at me var ferdig på kanoturen, fekk dei som ville bekkevandra, lov til det. Dei fantastiske kokkene hadde i dag stelt i stand kylling, ris og potet til middag. Endeleg var det Litlabø sin tur til å sova i bålstova.

Fredag:
Etter ei fin veka er me klare til å reise. Me har pakka sakene våre og rydda opp etter veka som har gått. På avlutningstimen så me på kjekke bilder leirskuleleiarane hadde tatt på turane. Det var ei flott avslutning, på ei veldig kjekk veka.

Tusen takk for oss!