Sol – Sommar og Super-veke på Gullingen

Siste skuleveke for 7.klassingane på Sørbø skole
juni 18, 2021
Fantastisk veke med sjuandeklassingar frå Hystad og Rommetveit
september 3, 2021
Siste skuleveke for 7.klassingane på Sørbø skole
juni 18, 2021
Fantastisk veke med sjuandeklassingar frå Hystad og Rommetveit
september 3, 2021

Heile 83 flotte 7. klassingar frå Iglemyr og Kleivane skoler, opna dette skuleåret med store smil 🙂
Elevane strålte om kapp med sola, og smila blei berre større og større  utover veka.  Bading, roing, kanoturar, tur i fjellskogen med klatring, pinnebrød og orientering sto på programmet dei første dagane.
Så kom fjelltur-dagen der elevane skulle velgje tur etter evne og interesser, og heile 43 elevar valgte den mest krevjande turen til sjølvaste fjellet Gullingen. Dei andre koste seg på fisketur til Svartavatnet, og mot toppen av Uranuten. Vekas høgdepunkt var likevel – Bekkevandringa  – på torsdag ettermiddag. Kvelden blei også perfekt med masse aktivitet og disko i klasserommet.

Takk for «lånet» av supre elevar, som på avreise- dagen også fekk vist at dei hadde lært masse om seg sjølv, og naturen, denne veka.

Under finn du elevane sin eigen logg frå veka, og ein masse flotte bilder.

God helg!

Logg for veke 34-21 Iglemyr og Kleivane skole

Mandag: Vi kom til leiren, så var vi på bli kjenttur, og vi badet på turen tilbake til leiren.

Tirsdag: Alle jentene sov ute i Bålstova. Mange rodde i kano og robåt, noen spiste fisk på tirsdagen og noen på onsdagen

Onsdag: Guttene sov ute i bålstuen men de måtte bli splitta opp så noen sov på torsdagen og så gikk vi på tur i fjellskogen.

Torsdag: På torsdag sov de andre guttene i bålstuen og vi gikk på bekkevandring etter at vi hadde vært på flotte fjellturer. På kvelden hadde vi disco og bordtennis tunering, vi hadde og film og spill

Fredag: Vi pakket og vasket rommene vi sov i og sa hade til leirskolen. Vi ville gjerne ha vært her lengre. Takk for oss

vi spiste god mat alle dagene.

Hilsen 7. klassingene på Iglemyr og Kleivane