Strålande vinterveke med elevar frå Svortland skule og Sørhåland barneskole

Ei super veke me elevar frå Bømlo

mars 20, 2026

Minnerike dagar til fjells for Grannes elevar

april 10, 2026

Ei super veke me elevar frå Bømlo

mars 20, 2026

Minnerike dagar til fjells for Grannes elevar

april 10, 2026

Måndag:
Når me var fremme på Gullingen så tok me ut bagasjen frå bussen. Så gjekk me opp til fløyane våre og fekk romfordeling, Etterpå gjekk me inn på romma og pakka ut, så gjekk me ned til klasserommet der fekk me litt informasjon om resten av dagen og korleis det kom til å bli her på Gullingen.
Dei delte oss opp i to grupper den eine var for dei som hadde stått lite på ski og en andre var for dei som hadde stått mykje på ski. På skileikeplassen var den eine gruppa og leika hauk og due og mykje anna kjekt. Den andre gruppa var i lysløypa og sto på ski og rant ned bakkar.

Seinare på dagen gjekk me opp og skifta til litt andre klede før me gjekk bort til middagen. Til middag hadde me pølselapskaus og is til dessert. På kvelden var me og spelte spill i fellesstova. Det var kjekt.

Tysdag:
Lærarane våre vekte oss klokka sju på morgonen. Då gjorde me oss klare til frukost. På frukosten laga me niste og fekk litt informasjon av dei ansatte her på Gullingen. Etter frukost rydda me romma våre og gjorde oss klare til rominspeksjon, etter rominspeksjonen gjekk me ned i klasserommet og snakka om dagen og kva klede me måtte ha på oss. Deretter gjekk me opp og gjorde oss klare til tur.

Me var nede og sto på ski og truger i fleire timar. Det var kjekt og spennande. Etterpå gjekk me opp og bytta til normale klede og gjorde oss klare til middag. Til middag fekk me Taco som var kjempegodt. Etter middag gjekk me og gjorde oss klare til akemesterskapet her på Gullingen. Det var kjekt at alle koste seg mykje. På kvelden var det kiosk og alle var kjempe gira og gleda seg til å få godteri. Nokon ville også sove i bål stova

Onsdag:
På onsdag våkna me klokka sju da gjorde me oss klare til frukost, me åt og koste oss med frukosten. Seinere gjekk me ned i klasserommet og fekk informasjon om dagen. Me gjekk på tur ned til lys løypa der hadde me aktivitetar. To av gruppene satt opp lavvo, grilla og koste seg dei hoppa mykje på hopp. Dei to andre gruppene gjekk på tur i skogen ein plass og grilla og koste seg i snøen med ski leik.

Seinere på dagen var det middag. Til middag var det kjøttkaker og poteter. Det var nydeleg og alle blei mette og glade. På kvelden var det mogleg å stå på ski eller spele spill, og nokon sminka lærarar. Det var morosamt. Me var i seng klokka ti.

 

Torsdag:
Me vakna klokka seks fordi det oppsto ein misforståing. Nokon klare å sovne igjen, mens andre satt seg i felles stova og snakka roleg saman. Etterpå var det frukost og da kosa me oss. Etter frukost gjekk me til klasserommet og snakka om dagen, og såg på kortfilmar om korleis dyr overlever i naturen. Det var både kjekt og spennande.

Me gjekk på tur og koste oss. Me valgta eigne turar, og hadde båleksamen i bålpausen. Det var veldig kjekt. Til middag var det kylling og pasta som var veldig godt. Seinare blei lærarane våre sminka igjen og det blei tatt morosame bilder av dei. Det var også diskotek og fotballkamp; Brasil mot Frankrike. Frankrike vant  2-1 mot Brasil. Dei som såg på kamp  låg seg klokka elleve.

Fredag:
På fredag pakka me alle tinga våre og gjorde oppgåver. Så gjekk me opp til frukost og åt god mat lagde oss niste til turen heim. Etter frukost gjekk me tilbake til fløyane og gjorde oss klare til å reise heim igjen.

Det har vore både kjekt og lærerikt her på Gullingen og me håpar at me får ein sånn moglegheit igjen.

Av Mathea og Karoline frå Svortland skule, og av Jesper, Bendik og Zehra fra Sørhåland skole.