Flott vinterveke med Finnøy skule

Suksessfull leirskuleveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 13, 2026

Ei flott veke med ivrige elevar fra Bømlo og Stord

mars 6, 2026

Suksessfull leirskuleveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 13, 2026

Ei flott veke med ivrige elevar fra Bømlo og Stord

mars 6, 2026

Denne veka har me hatt besøk av 8. klasse frå Finnøy skule. Les og sjå bilder under kva dei har gjort og opplevd hjå Gullingen leirskule.

Mandag: Etter ein long tur med svingende veger, ankom me til leirskulen. Me fekk litt tid til å pakke ut og kle oss før me kom oss ut på lysløypa. Nokon timar seinare fekk me komme oss inn og spise ein god lapskaus.

Tirsdag: Etter ein alt for tidlig morgenvekking klokka 07.00 gjekk me til klasserommet. Me lærte om veret og kossan me sko kle oss. Tilslutt blei me delt inn i 3 grupper. Me stod på ski i 5 timar og lagde masse hopp og rant fra høge bakker. Me grilla osteskive drakk solbærtoddyen vår og til middag fekk me taco.

Onsdag: Denne dagen fekk me lov til å velge mellom lang, medium og kort tur. Me vart så heldige at når alle gruppene kom fram til destinasjonen sin fekk alle pinnebrøddeig og begynte å grille det på bålet. Alle gruppene hadde båleksamen og måtte lage bål uten hjelp av vaksne. Til middag fekk me kjøttkaker i brun saus. Og etter kveldsmat hadde me »kosekveld» som nokon elevar planla.

Torsdag: Siste dag og me skal på tur med truger. Me hadde orienteringsbingo med trugene på beina. Me hadde også trugesprint med premie. Når me kom tilbake til leirskulen begynte alle ryddingen og pakkingen til reisen heimover. Dei fleste er veldig trøtte så det skal bli godt å komme heim til og ta vinterferie.  Me har hatt det veldig kjekt på Gullingen leirskule.

Takk for oss!

Helsing 8. klasse ved Finnøy skule.