Den fantastiske veka på Gullingen leirskule!

Elevane frå Figgjo skole har hatt ei flott veke på leirskule!
april 23, 2021
Fantastisk veke med elevar frå Ganddal skole
april 30, 2021

Nok ei flott veke er over, og 7. klassingane frå Rubbestadneset skule, har storkosa seg på ski og på truger. Dei har smilt om kapp med sola, og hatt kjempegod framgong på skia.
PS. Overskrifta er henta frå elevane sin eigen logg frå veka. Den kan du lese her og sjå flotte bilder frå Super-veka med Bømlingane.
God helg!

Den fantastiske veka på Gullingen

Måndag: Vi kom endeleg til leirskulen etter å ha sitta på bussen i evigheitar utan luft. Å få tinga ut frå bussen, og å pakka tinga ut på rommet tok sin tid. Etterpå så hadde vi ei slags informasjonssamling inne i stova. Så skulle me endeleg ut på ski! vi gjekk opp til skileiken og sto ned bakkar imens vi venta på at leirskule lærarane skulle komme ut. Og når dei kom så hadde vi eit opplegg der vi blei vist dei vanlege måtane å stå på ski, med leikar som hauk og due og stivheks utan skistavar etterpå. Då dei leikane var prøvd, fekk vi velje mellom å gå tur og å leika fleire leikar.

Etter å ha vært litt ute så hadde vi middag. Og til middag hadde vi lapskaus, og is til dessert. Etter den nydelege middagen, hadde vi rumpeakebrett konkurranse, og så var det i seng.

Tysdag: I dag var opplegget å gå tur. Vi sto på ski opp til ein veldig gøy dal der vi både grilla, laga hopp, løypar og orgeltramp. Og ein kan tru det var gøy, sjølv om nokon kanskje tryna på ikkje ein så veldig fin måte. Same det, alle reiste seg og smilte og lo. Då det var på tide å gå tilbake, var det nokon flotte nedover-bakkar på heimturen. Etter ein lang dag ute, var det middag igjen, og denne gangen var det taco og kiosk etterpå. Og så til sengs igjen…

Onsdag: Denne dagen var det å gå på truger. Vi hadde ein bingo der vi skulle finna poster ved hjelp av kart. Dei som fekk bingo, fekk ein liten premie. Etter å ha gått litt på truger, gjekk vi i Bålstova og grilla, så var det på ski igjen. Med skia på nakken, gjekk vi ned til lysløypa og laga hopp og andre løypar der. Det var kjempegøyalt. Middagen var kjøttbollar med potet og grønsaker, med gelé til dessert. Etter middag var det diskotek. Mange overnatta i bålstova denne natta.

Torsdag: Den siste dagen kunne vi velje mellom to turar.

1: Å gå ein mykje lengre tur enn på tysdag.

2: Å gå ein like lang tur som på tysdag.

Dei fleste velja den lange turen, og der så gjekk vi veldig langt. Då  vi kom fram til der vi skulle, så grilla vi igjen, og lagde snøholer.  Middagen var kyllinggryte med ris, potet og grønsaka, og til dessert var det sjokolademousse, og kiosk etterpå.

Fredag –  var siste dag med oppsummering og heimreis. Me har hatt det veldig kjekt på Gullingen!