Flott vinterleirskule for Rosseland skule

Flott førjulsleirskule med Fjelltun skule
2. desember 2021

Rosseland skule har fått oppleva gode snødagar på Gullingen leirskule. Mykje mestring, læring, latter og smil.

Under kan du lese og sjå bilder av det dei ha opplevd.

Måndag:

Me starta med og komme av bussen, og det var ein god tur. Det snødde mykje når me kom fram. Me fekk sjå romma, og starta med å pakke ut. Etter me var ferdig tok me ein tur i lysløypa. Der hadde me hadde hauk og due og stiv heks. Der lærte me og å bli tryggare på ski, og gå fiske bein. Når vi kom heim fra lysløypa hang vi alle kleda på tørk. Etter det åt vi middag,  der vi blei servert pølselapskaus og is. Etter middag kunne dei som ville gå mørketur. Der fekk vi høyre skumle historier om huldrefolket og ulven. Nå gler vi oss til neste dag.

 

Tysdag:

Etter ei god natt med mykje søvn, måtte me gå og ete frokost. Der lagde me matpakke til lunsj. Så gjekk me opp til skileiken. Der hadde me mange kjekke leiker og me lagde bål i bålhytta. Mange grilla osteskiver, koste seg og hadde god drikke. Ette lunsj fekk prøve å gå på truger og ski. Etter ein gilde dag, gjekk me for å spise middag. Der hadde me hadde taco. Klokka 18 var det kiosk, som var desserten. Mange koste seg med ski, aking og bordtennis før det blei kveldsmat. Dette har vert ein gilde dag.

Onsdag:

På onsdag starta vi dagen med ein god frokost. Etter det skulle vi gå ein tur. Vi delte oss i tre grupper. To grupper skulle gå på beina, og ei gruppe skulle gå på ski i lausnøen. Gruppene møttes på samme plass. Me laga hopp, bål, port og slalom løyper. Der hadde alle det veldig kjekt. Til middag hadde vi kjøttkaker med brun saus. Og til dessert hadde vi gele. Dei som ville kunne sove i bålhytta. Mange prøvde, men det var og mange som kom heim igjen. På kvelden hadde vi disco, det var veldig kjekt. Me hadde mykje musikk der alle danset og hadde det veldig kjekt.

Torsdag:

Mange var veldig trøtte av å ha sovet i bålhytta. Vi hadde ein kjempe god frokost. Etter frokosten måtte me kle oss til ein tur der vi kunne bestemme kor vi ville gå. Nokon tok kort, mens andre tok litt lengre. Begge skulle ha lavo, bål og pinnebrød.  I dag fekk me ein god kyllinggryte med ris. Desserten var i dag sjokolademoouse og kiosk. Mange synes dette var ein gild dag, mens andre synes dette var heilt forferdeleg dag, men alle var enige at det hadde vært ein kjempe gilde veke med mykje ski og kos.

Fredag:

Fredagen kom, og me skulle reise heim. Me måtte pakke alle tinga våres, og rydde hele leirskulen. Dette var ein kjekk opplevelse som vi ikkje kommer til å gløyme.

 

Takk for oss Rosseland skule 6A + C 🙂