Veke 42-16 Leirvik skule

Veke 40/16 – Fantastisk haustver!

oktober 7, 2016

Veke 43-16 Haga skole

januar 1, 2017

Veke 40/16 – Fantastisk haustver!

oktober 7, 2016

Veke 43-16 Haga skole

januar 1, 2017

Veke 42 i 2016

Mandag:

Me kom kl 11:00. Først fekk me veta kvar me skulle sova, og så pakka me ut av baggen. Me blei vist litt rundt i området. Me gjekk ein kort tur i området. Så var da middag som var lapskaus med sjokolademos til dessert.

Tirsdag:

Me fekk velge mellom  tre turer, men ingen ville ta den tredje turen, så det blei bare to turar. Då me var på vei til fisketuren, så gjekk tre elevar seg vill når dei skulle på do. Men dei kom til rette etterkvart.  Den eine var ein fisketur, der me fiska både med fiskestong, og som bjørnar. Når me fiska som ein bjøren fekk me to fiskar, og når me fiska med fiskeston fekk me eit par fisk der og. Så grilla nokon fisken. Den andre turen gjekk på to toppar.

Så fekk me laks med pasta når me kom heim med sjokoladekaka til dessert.

Og det var ei som hadde bursdag=) Nokon av jentene sov i bålstova, det var kjempegøy og det var ganske kladt og.

Onsdag:

Me blei delt inn i to grupper som skulle padle kano eller ro robåt. Me rodde og padla ute på innsjøen, mens me trakk garn. Me fekk fisk, så sløydde me og grillte han. Så kom me heim frå den gøye turen. Me fekk god middag når me kom heim, det var kyllinggryte og ris. Og til dessert var det gele med vaniljesaus. I natt skulle gutane sova i bålståva.

Torsdag:

Me hadde dei samme gruppene som på onsdag. Først var det orientering i skogen med BingOposter. Etter orienteringa gjekk me opp til ein liten fjellvegg og hadde utstilling av planter. Så klatra me opp fjellveggen. Då me kom opp på fjellet, så hadde me konkuranse mellom gutane og jentene i bål tenning. Me gjekk lenger opp og hadde buldring i ein liten fjellvegg. Så kom det som alle hadde gleda seg sjukt mykje til; bekkevandring! Me gjekk oppover elva og hoppa oppi kulpar, og det var iskadlt.  På slutten av elva var det ein litten foss så me satt oss inni og tok bilder. Så va det ein stor kulp oppenfor fossen. Me klatra opp og alle hoppa rett nedi den store og djupe kulpen. Så kom me heim og var klissblaute. Me dusja og fekk varmen igjen. Til middag var dert komla og lammekjøtt. Det var kjempe godt, og til dessert var det isabella is. Og me hadde disco og nokan av lærarane gjekk heilt crazy og ganske mangen av elevane og.

Fredag:

I dag skal me reisa og det er kjempe trist, me på Leirvik skula har kost oss skikkelig mykje. Me har lært mykje og gått mangen turar. Me reiser kl 11:00. Leirvik skule kommer ikkje tilbake på ei god stund, men me er sikkre på at dei neste elevane som er så heldige å får komma på Gullingen leirskule kommer til å kosa seg.

Takk for oss=)