
Veke 34/16 – Herlege augustdagar
august 25, 2016
Veke 36/16 – Flott haustvær for Iglemyr
september 9, 2016
73 elevar frå Røyneberg og Rommetveit skule fekk denne veka oppleva ei god haustveke med mange flotte naturopplevingar. Kanopadling, fiske, fotturar, bekkevandring og bingoorientering var noko av det dei fekk oppleva i tillegg til at mange nye vennskapsband vart knytt.
Logg veke 35/2016. Rommetveit og Røyneberg
Etter ein lang busstur kom me endelig fram til leirskulen. Den første dagen gjekk me på ein liten tur i skogen. Så åt me ein veldig god middag og kvelds. Deretter måtte me til sengs. Me vakna tidelegare enn me pleier. Så da blei det litt tøft å stå opp, men det var verdt det med den gode frokosten me fekk. Etter frokosten var det samling i klasserommet. Så delte me skulane i to.
Røyneberg skole hadde ein dag på vannet. Der trakk dei garn og rodde i kano og robåt.
Rommetveit skule var ein tur i skogen og slo opp lavo, plukka bær, planter og lav.
Når alle var tilbake på leiren, spiste me ein til god middag og då kiosken opna, var det VELDIG, VELDIG lang kø. På onsdag gjorde me nett det same som på tysdag bortsett frå at me bytta på kva me gjorde.
Den dagen var veldig kjekk, og me lærte masse dei dagane.
På torsdag var det valg mellom fire turar: to-topps tur, ein-toppstur, fiske tur og rusle tur.
Det var veldig kjekt, me slo opp lavo og gapahuk. Etter det så var det tid for bekkevandring:)
Den varVELDIG,VELDIG,VELDIG gøy. Nesten alle blei kliss våte og det var ei veldig kjekk sklia på bergo der.
På fedag måtte me spisa frokost, pakka, rydda, kosta, skriva logg, o tilslutt reisa heim,
det vart VELDIG,VELDIG trist.
Det har vert ei veldig kjekk og lærerik veke med masse morro, bl.a disko’.
Takk for oss









































