Super-veke – sol og store smil, trass lite snø

Leirskuleveke med silkeføre for Figgjo og Grannes
mars 14, 2025
Super veke med elevar frå Forsand, Hillestveit og Moster skule
mars 28, 2025
Leirskuleveke med silkeføre for Figgjo og Grannes
mars 14, 2025
Super veke med elevar frå Forsand, Hillestveit og Moster skule
mars 28, 2025

God fredag!

På siste samlinga og munnleg eksamen på avreisedagen var 7. klassingane frå Sørhåland skule og lokalskulane Vinjar, Sand, Erfjord, Marvik og Nesflaten, samde i ein ting : Leirskule er super-kjekt og lærerikt! Ei flott Super-veke, med mykje latter og smil, god livsmeistring, og nye venskap på tvers av grender og kommunar.
Me på leirskulen takkar for «lånet» av flotte elevar, og ønskjer dei lukke til vidare i 7. klasse, og på ungdomskulen til hausten!

Under finn du elevane sin eigen forteljing frå veka, og ein masse flotte bilder frå Super-veka.

Logg for veke 12-25,
Vinjar, Sand, Marvik, Nesflaten, Erfjord og Sørhåland skular,
7. trinn

Mandag :
På Mandag kom me til leirskulen. Me fann romma våre, og fekk me litt informasjon om kva som skulle skje den veka me var på leirskulen. På fotballbanen blei me delte i 3 gupper, der me gjekk på ein liten tur opp forbi leirskulen. Etter turen fekk me middag, og då hadde me lapskaus.På kvelden hadde me ein god del fritid. Etter det var det kveldsmat, og så va det leggetid.

 

Tirsdag :
På tirsdag blei me vekt klokka 7. Så var det tid for frokost og kjøkkentjeneste. I klasserommet hadde me ein liten time der me lærte om ver og vind og kordan me kler oss for tur. Og me hadde ein god del om regn i suldal. Så var det tur. I dag blei me delt i 4 grupper, der to og to grupper hadde tur i skogen, eller skileik. På turen hadde med og bingo orientering, der det var ein liten premie til vinnarene. Det var veldig kjekt og alle koste seg. Me lærte òg å laga bål ute på tur. Så var det middag, og då hadde me tirsdags taco. Seinare på kvelden var det og mugligheit til og gå ned i lysløypa og gå på ski. Der var det ein god del folk og sto på ski. Så fekk med tilbud og om å sova i bålstova, men det endte det opp med bare var 4 stykker som sov heila natta.

 

Onsdag:
På starten på dagen var det og ein ny skuletime der me lærte om ulike dyr i naturen. Også  var det stort sett skileik oppe i Breiastøldalen. Der var dei same gruppene som gårsdagen, og der fekk me og øva på bål i tilegg. Så hadde me middag og idag var det kjøttkaker i brun saus så sto på menyen. Der blei med og serverte sjokolade mousse til dessert. Og etter middagen var det stort sett fritt. Så hadde med ein prøvedisco for torsdag.

 

Torsdag:
På torsdagen hadde me valgfrie skiturer og til fots. Det var stort sett det me gjorde. Etter me hadde vore på tur hadde me middag. Til middag hadde me kylinggryte og så var det det itilegg kiosk. Så var det tid til disco, der var det mykje dans og sang, og me fekk vere oppe til halv elleve. Der var det mange som koste seg og hadde det veldig kjekt.

Fredag:
Fredagen gjekk stort sett til pakking og rydding. Klokka ti var det avslutning i klasserommet, der me fekk sjå bilder av ting me gjode også va det kåring til ryddigast rom på dei ulike fløyane. Også rundt klokka 11 kom bussen, og me skulle heim.

Det har vert eit veldig fint opphold her. Me trur alle har kost seg masse og hatt det veldig kjekt!

Takk for oss!