
Super-veke – sol og store smil, trass lite snø
mars 21, 2025
From Winter to Spring with ISS
april 4, 2025Mandag:
På mandag kom me og pakka ut. Så gjekk me ein tur i nærleiken av leirskulen. På turen hadde me snøballkrig og andre leikar. Etter turen åt me pølselapskaus til middag. Så gjekk me opp til Bålstova og fekk høyre forskjellige huldreforteljingar. Etterpå gjekk me fakkeltog i skogen.
Tysdag:
På tysdagen lærte me om været, og var på tur. Me blei delt inn i fira grupper. To av dei gjekk først ner i lysløypa, mens dei to andre var i skogen. Etterkvart bytta me aktivitet. Me sto på ski i lysløypa og tente bål, og i skogen hadde me orientering og bingo. Til middag var det taco. Etterpå var det kiosk.
Onsdag:
På onsdagen lærte me om dyra på Gullingen. Etterpå var me på skitur til Breiastølsdalen. Der tente me bål og laga hopp og løyper me kunne stå i. Til middag var det kjøttkaker. Så sto me på ski i lysløypa. Etterpå såg nokon fotballkamp på tv, mens andre var i bålstova å grilla pinnebrød. Etter det var det mange i frå Moster skule som sov i Bålstova.
Torsdag:
På torsdagen lærte me om snøskredfare før me fekk velga mellom tre turar me kunne gå på. Eit valg var å stå på ski i lysløypa, og gå ein fottur i skogen. Det andre valget var reprisetur til Breiastølsdalen og det tredje valget var langtur til Langeli. Når me var ferdig på tur, var det kyllinggryte til middag. Så var det kiosk og diskotek.
Fredag:
På fredagen pakka me ut og vaska, før me reiste heim. Me hadde det veldig gøy på Gullingen!
Tusen takk for flotte opplevingar saman.