
Ei flott veke med 7. klasser frå Rommetveit og Hystad
september 15, 2017
Kjekke Vindafjord elevar i austavinden
september 28, 2017
Sauda på Gullingen
På måndag kom me hit med buss. Det vart veldig spanande! Når me kom fram fekk me utdelt romma våre. Etter me hadde pakka ut, var det samling i klasserommet. Da fekk me velja mellom to turar. Det var skogstur og ein tur til Grønhovet. Dei som valde skogturen fekk bade etterpå, men dei som valde fjellturen fekk muligheita til å bade seinare på kvelden. Me fekk lapskaus til middag.
På tysdag blei me delt inn i to grupper. Den eine gruppa var på vatnet og rodde i båt og padla kano, mens den andre gruppa var i skogen. Det var masse drama på kveldane. Me fekk laks til middag og gele til dessert. Det var godt. Kiosken opna, da kjøpte me godteri.
På onsdag bytta gruppene som var på vatnet og gruppene som var i skogen. Når me var i skogen grilla me ostesmørbrød og pinnebrød. Det var grueleg mange som reiste heim grunna sjukdom og heimlengsel. Me fekk kyllingryta til middag, grunna Ketil skaut med eit uhell ein fortapt kylling som løp rundt i skogen.
På torsdag kunne me velja tre turar, totoppstur, fisketur og stølstur. Ingen valde stølsturen, for eit sjokk!! Me kjem jo frå Sauda 🙂 Men me fekk. Me dusja i fossen og me hadde bekkevandring, det var veldig kjekt! Me me hadde komle og is til dessert. Kiosken opna på torsdag også, det blei masse opprør fordi det vart tomt for crakle!!!
På fredag/i dag har me rydda og vaska, og no sitt me her i einsemda og skriv logg-blogg. Snart kjem bussen. Det blir veldig trist å reise heim!
Helsing Austerheim, Risvoll, Fløgstad og Vannvik skole.
Skrevet av Lina, Ine, Joy Katrin og Sofie 🙂



















































