
Topp veke med Malmheim og Leirvik
september 8, 2017
Spreke Sauda-elevar på besøk i Suldalsheiane
september 22, 2017
På mandag gleda alle seg til å komme frem til Gullingen leirskule etter ein tre timars lang busstur.
Me fekk veta kva rom me skulle sova på og pakke ut. Så fekk me beskjed om å møte i klasserommet. Der fekk me veta kva med skulle gjer på den første turen og litt framover i veka. Me gjekk på skogstur og me fekk bada i Mosvatnet. Til middag fekk me lapskaus og sjokolademousse til dessert.
På tirsdag blei me delt opp i fem grupper. To av dei gjekk på vatnet. Der padla og rodde me. Me trakk garn, sløya fisk og steikte fiskane på bålet. Dei tre andre gruppene gjekk på tur i skogen. Der lærte dei om plantar og dyr. Dei og lagde bål. I det bålet lagde me kullstiftar som me tegna oss i fjeset med. Til middag hadde me kjempegod laks og gele til dessert.
På onsdag var dei som hadde vert skogen på vatnet og dei som hadde vert på vatnet i skogen. I skogen hadde me orienteringsbingo, med slikkepinne til premie. Men selvfølgelig var det nokon som satt støvelen fast i myro. Til middag fekk me kylling-gryte og sjokoladekaka til dessert.
På torsdag fekk me velga mellom tre turar, enten Gullingentoppen som var den lengste turen, fisketur til Svartevatnet eller ein liten tur til Såta. Dei fekk ein fisk på fisketuren som var ein aure. Dei som gjekk til Såta og Svartevatnet kunne testa regntøyet sitt i fossen.Til slutt møttes alle til bekkevandring i bekken ved leirskulen. Til middag fekk me heimalaga komle med sukker på og lammekjøt med pølsa. Til dessert fekk me is. Etter middag vert det disko.
På fredagen pakka alle for å reise heim. På frukosten måtte me lage god niste til heimturen. Mange grua seg til å reise fordi det var så kjekt her. Alle fekk arbeidsoppgåver fra lærarane om å rydde/vaske, medan me satt og skreiv logg. Snart kjem bussen og ender denne fantastiske veka.
Takk for ein flott opplevelse som me skal ta med oss resten av vårt liv!
Helsing alle oss på sjuende trinn frå Rommetveit og Hystad.
Skrevet av Ingrid, Kristina, Fabian og Elin.


















































