Rommetveit og Hystad på tur i ekte vestlandsvær

Flotte Sauda og Vanvik elevar i Sommar og hagl :-)

september 21, 2018

Ganddalselevar har både bada og laga snømann denne veka!

oktober 5, 2018

Flotte Sauda og Vanvik elevar i Sommar og hagl :-)

september 21, 2018

Ganddalselevar har både bada og laga snømann denne veka!

oktober 5, 2018

Ein positiv og strålande gjeng frå Rommetveit og Hystad skule har no reist heim frå Gullingen. Litt nedbør og flaum stoppar ikkje denne gjengen frå å kose seg ute. Under kan du sjå bilder frå kva dei har gjort denne veka og lese elevloggen.

Logg veke 39, Hystad og Rommetveit skule

Måndag:

Då me kom til leirskulen, heiv me frå oss bagasjen. Me blei kjempegodt tatt i mot av lederane.

Så gjekk me på ein bli kjent tur. Me skulle bli kjent med området og dei andre elevane.

Gullingen gøymsel var kjempekjekt.

Tysdag:

Me vakna og skulle ut på vatnet. Der skulle me ro i kano. Me satt opp lavvo, sløyde fisk og grilla ostesmørbrød. Det var veldig kjekt med så mange konkurransar.

Onsdag:

Me var ute i skogen heile dagen. Me hadde orienteringsbingo. Det var veldig gøy sjølv om ikkje alle vant.

Torsdag:

Me valte mellom tre forskjellige turar:

Totoppstur

Fisketur

Eintoppstur

På kvelden var det diskotek, der var det bra musikk og mange som danset.

Fredag:

Me pakka og fekk vaske-og-ryddeoppgaver.

Takk for opphaldet. Me har hatt det veldig kjekt og kost oss masse.

Tusen hjarteleg takk.

 

Helsing Rommetveit og Hystad.