Flotte Sauda og Vanvik elevar i Sommar og hagl :-)

Regn, regn og atter regn!

september 14, 2018

Rommetveit og Hystad på tur i ekte vestlandsvær

september 28, 2018

Regn, regn og atter regn!

september 14, 2018

Rommetveit og Hystad på tur i ekte vestlandsvær

september 28, 2018

I denne veka har me hatt 59 7. klassingar frå Aaustarheim, Risvoll, og Fløgstad skular frå sauda kommune. I tillegg har me hatt 5 elevar frå Vanvik skule. Dei har hatt ei kjempeflott veke i lag, blitt godt kjende med kavarndre mot Ungdomsskulen, og lært ein masse om og i naturen 🙂 Me takkar for «lånet» av desse flotte elevane.

Under kan du sjå mange fine bilde frå veka, og lese elevane sin eigen logg frå veka.
God helg!

 

Logg veke 38-18

Mandag: Me kom fram ca.10:30. Da gjekk me ned i klasserommet og ble kjent med lærerane.
Så gjekk me ein tur og lærte Gullingen-gjømsel. Etterpå spiste me middag, og til middag hadde me lapskaus. Til dessert hadde me sjokolademousse med vaniljesaus. På kvelden gjekk noen ned til vannet og fiska.

Tirsdag: Me blei vekt 07.15 og spiste frokost. Så gjorde me arbeidsoppgaver, før me gjekk ned i klasserommet og hadde morgonmøte. Me blei delt inn i tre grupper, noen padla kano og noen rodde i båt. Me tok opp fira garn og grilla fiskane me fekk og oste smørdbrød. Me rodde tilbake og spiste tacobuffe. Så var det kiosk. Klokken halv ti på kvelden gjekk Risvoll og Vanvik skule opp i bålstovå og sov.

Onsdag: På onsdag fekk me velga mellom tre turar ein to topps tur, fisketur og ein kosetur. Der lagte me bål og grilla ostesmørbrød. På slutten av turane, fekk me lov til å testa regnkleda i ein stor foss. Den dagen hadde med laks og pasta til middag og gelè med vaniljesaus til dessert. Austerheim gjekk opp i bålstovå å sov den natta.

Torsdag: Me hadde dei samme gruppene så på tirsdag. Me hadde orientering og prøvte å dytte ein stor stein ut eit stup. Me lagte bål under ein vindduk. Der grilla me pinnebrød og oste smørbrød. På slutten så bekkevandra me. Me hadde kyllingfrikase og is til dessert. På kvelden var det kiosk så var det disco. Så pakka nokon litt og Fløgstad gjekk opp i bålstovå.

Fredag: Me hadde tidlig frokost, alle pakka seg ut av rommene og alle fekk kver sin arbeidsoppgave.
Det har vore veldig kjekt å væra på Gullingen. Takk for oss!

Hilsen Fløgstad, Risvoll, Austerheim og Vanvik.