Praktfull haustveke med Leirvik skule

Strålande elevar og sommarvêr med Stangeland skole i Sandnes

september 1, 2023

Intens og spennande leirskuleveke for Iglemyr og Kleivane

september 15, 2023

Strålande elevar og sommarvêr med Stangeland skole i Sandnes

september 1, 2023

Intens og spennande leirskuleveke for Iglemyr og Kleivane

september 15, 2023

7.klassingane på Leirvik skule har hatt ei flott haustveke med sommartemperatur på Gullingen. Mange har fått utfordra seg og meistra, mange har hatt gode fellesopplevingar i lag med klassekameratane sine, og mange har solbrente nasar på veg heim i bussen…

Her kan de lesa kva elevane skriv i loggen, og sjå nokre bilde frå veka:

Logg veke 36. Leirvik skule 7. trinn:

Måndag: Me møtte opp på Bjelland Rema1000 klokka 08:00 så kjørte bussen 08:30. Me kom fram klokka 11:30. Så gjekk me opp til fløyane og haddet ei samling. Me kom inn på rommet vårt og  pakka ut. Så møtte me opp i klasserommet og hadde ei lita samling, før me gjekk ut på ein liten bli-kjent-tur. På slutten bada me i Mosvatenet. Etterpå gjekk me opp igjen til leirskulen for å ete middag. Litt seinare på dagen gjekk me på fisketur.

Tysdag: Me stod opp kl 07:15 og gjekk for å ete frokost.Kl 09:00 skulle me på samling. Me snakka om turane me skulle på idag.  Nokon skulle på vatnet og nokon i skogen. På vatnet skulle me ro i båt og padla kano. Då me kom fram til der me skulle ha bålpause så åt me litt, før me skulle trekka garn. I skogen gjekk me ca 2km før me kom fram til bålplassen. Der laga me bål og kolstiftar. Me laga og pinnebrød på bålet. Til slutt hadde me bingo-orientering. Dei som fekk bingo vant ein blåbær-slikkepinne. Heime på leirskulen og skifta og dusja me før me gjekk for å eta middag.

Onsdag: Me stod opp kl 07:15 for å ete frokost. Så gjekk me ned til klasse rommert og hadde samling. I dag skulle me gjer nett da sama, bare at dei som var i skogen i går skulle ned til Mosvatnet og ut i båt, og dei som i går var i båt skulle i skogen.

Torsdag: Me stod opp til vanleg tid kl 07:15. Etter frokost, gjekk me ned i klasserommet. I dag var den store dagen der me kunne gå opp til Gullingen. Det var ca 30 stykk som skulle opp på Gullingen, og ca 10 som skulle på tur med hunder. Hundane sine namn var Alfa og Ylva. På den turen fekk me pinnebrød og popcorn. Dei andre skulle på Gullingen. Det var litt tungt å klatra opp, men me greidde det. På toppen kunne me skriva namnet vårt i ei bok for og visa at me har vore der.  I pausen hadde me bål, kor me grilla osteskjeva, som me hadde med oss. Me avslutta med bekkevandring,  før middag. Litt seinare gjekk me å bada. På kvelden hadde me disco. Det var kjempe gøy!

Fredag: Nå skal me reisa heim. Det er litt kjedeleg, for me har hattt det kjempe gøy!  Me stod opp 07:15. Etter frokost, så rydda me og vaska romma. Etter at me pakka tinga våre i baggane, så sit me å  skriv denne teksten og ventar på bussen. Denne veka har vore kjempe gøy og me kjem til å sakne denne plassen.