
Flott veke med øyværinger frå Bømlo og Karmøy
mars 18, 2022
Ei flott vinter veke for Storevarden og Håland skule
april 1, 2022
Suldalselevane i 7. kl har opplevd strålande dagar til fjells, fullstappa med gode opplevingar. Sjå bilder og les meir om kva dei har opplevd.
Logg for veke 12-22, Suldalskulane, 7. trinn
Mandag:
Me blei delt inn i forskjellige fløyer når me kom opp. Me blei delt inn i rom, pakka ut og så åt me lunsj. Me var ute i ski leiken til kl 15:00. Me hadde noko ski leik og hopp. Me åt lapskaus til middag halv fem. Til dessert fekk me sjokolade og vaniljesaus. Kl 18:00 hadde me akebrett konkuranse. På tredje plass kom Kristine (Sand), på andre plass kom Victoria (Erfjord) og på første plass kom Kristian OV (Sand).
Tysdag:
Det var frokost kl 07:45 og morgon samling kl 09:00. 10:40 blei me delt inn i fira grupper. Då gjekk me på trugetur og gjekk på ski i ski leiken. Me var ute ca 4-5 timar. Til middag hadde me kjøttkaker og til dessert hadde me is. Me var oppe til kl 22:00. sand fekk tilbud om å sova i bålståva til onsdag. Det var 7 stykker som prøvde men bare to stykker sov heile natta.
Onsdag:
På onsdag gjekk me på tur. Gruppe 3 og 4 gjekk til Solsia i Breiastøldalen. Gruppe fira gjekk ein tur der ingen leiskuleelevar har gått før. Gruppe 1 og 2 gjekk til skileiken i Breiastøldalen. Alle lagde bål og grillla ostesmørbrød og gruppe 4 hadde båleksamen. Når me kom fram lagde me hopp og orgeltramp. Til middag var det kyllinggryte og ris. Til dessert hadde me sjokoladekake. Vinjar fekk tilbud om å sova i bålståva.
Torsdag:
På torsdag så gjekk gruppe 1 til Finnadalsheia, gruppe 2 gjekk til Langeli, gruppe 3 gjekk til Reinstølen og gruppe 4 gjekk over Mossvatnet og isfiska. Alle hadde ski leik når dei kom fram utenom grupppe 1. Alle kunne velga tur etter ferdigheter. Me hadde pinnabrød, kakao og saft på tur A og B fløyen åt taco kl 16:00 og C fløyen 17:00. Erfjord fekk tilbud om å sova i bålståva.
Fredag:
Først åt me frokost, så måtte alle pakka ut av rommet. Kl 10:00 hadde me morgonsamling for å gå gjenom alt me hadde lært. Så tok me bussen heim.
Takk for ei fin veka på Gullingen Leirskule.
Helsing alle elevane i 7 klasse i Suldal kommune









































