Flott veke med øyværinger frå Bømlo og Karmøy

Sol og vinterglede for Grannes og Figgjo skule

mars 11, 2022

Magiske heiadagar for Suldalselevane

mars 25, 2022

Sol og vinterglede for Grannes og Figgjo skule

mars 11, 2022

Magiske heiadagar for Suldalselevane

mars 25, 2022

Nok ei flott veke er over her på leirskulen. Og elevane i 6. og 7. klasse frå Våge, Foldrøy, Gilje og Hillestveit på Bømlo, samt Sørhåland skole frå Karmøy, har stokost seg i godt vinter-vêr og mykje snø 🙂 Mange har blitt flinke skigåarar i løpet av veka med store smil 🙂

Under finn du mange flott bilder får veka, saman med elevane sin eigen historie frå veka.

God helg!

Logg for veke 11-22: Sørhåland, Gilje, Hillestveit, Våge, Foldrøy skular

 

Måndag: Etter ein lang busstur, kom me endelig fram til Gullingen Leirskole. Alle var veldig spente på å få rommene sine og stå på ski. Då me var ferdig med og pakke ut, møtte alle opp på samlingsrommet. Etter ca ein time med informasjon, gjekk alle opp til skileiken for å renne i bakkene. Etter at alle hadde fått på seg skiene begynte me å leike hauk og due på ski. Så leikte me stiv heks. Etter me hadde stått på ski i nokon timer gjekk halvparten sultne ned til middagsbordet.

Etter middag hadde me rompebrettkonkuranse. Då konkuransen var ferdig, fekk alle elevene gå ned på rommene sine og gjere kva dei ville. Klokka 19:40 åt me kvelds, og klokka 22:00 var det natt.

Tysdag: Dagen begynte med frukost og morgensamling. Etter morgensamlinga blei me delt opp i 4 grupper for å gå på skitur. Me grilla ostesmørbrød og koste oss. Me lagde hopp og rann ned i bakkene. Etter ein lang tur var det igjen på tide med middag. Etter middagen var det litt fritid og så var det kiosk klokka 18:00. Det var discotek etter alle hadde spist kveldsmat. Så klokka 22:00 var det natt.

Onsdag: Me starta dagen med frokost. Etter mat var det morgensamling igjen. Etter morgensamling fekk me velga lang, kort eller middels tur. På langturen gjekk me oppover fjellet over veien. Middelsturen gjekk litt opp forbi kort turen. Kort turen var ei kort rundløype. Etter Turane spiste me middag, og  det var god mat. Etter middagen var det fritid, så var det kveldsmat klokka 19:40, så låg alle seg klokka 22:00

Torsdag: Me starta dagen med frokost. Så etter maten gjekk alle ned til samlingsrommet og hadde 1 time med spennende informasjon. Så blei med delt opp i 4 grupper. Gruppe 1 og 2 gjekk først på ski  mens gruppe 3 og 4 gjekk truge bingo med kart. Etter me hadde grillet i bålstova var det meir skileik. Etter ein stund på ski var det middag. Etter middagen var det fritid heilt til kvelds etter kvelds var det diskotek og kiosk så var det natt klokka 22:00.

Fredag: Me sto opp og spiste frokost. Etter frokost måtte alle gjøre oppgåvene sine. 09.45 hadde me vårt siste morgenmøte før avreise. Våge og Hillestveit tok buss sammen. Foldrøy og Gilje tar buss sammen. Og Sør-Håland tar buss aleina. Tusen takk for oss!