
Frå vår til snøstorm i april
april 5, 2024
A Superb week in all English
april 19, 2024
På måndag kom me fram til leirskulen, og pakka ut tinga våre. Seinare på dagen fekk me eit val om å gå i lysløypa eller på skileiken. Til middag fekk me lapskaus og is til dessert. Me fekk lov til å ta ein kvelds tur i lysløypa etter kveldsmat om me ville.
På tysdag måtta me stå opp klokka sju og gjer oss klar for frukost. Klokka ni var det morgonmøte der dei snakka om kva me skulle ha på oss. Etterpå blei me delt inn i fire grupper. To av dei gjekk til Solsio og dei andre gjekk til løypekrysset i Breidastølsdalen og slo opp leir. Til middag fekk me taco og det var kiosk etter på. Så kunne me velgje om me ville på akekonkurranse eller stå i skibakken. På kvelden var det disko i klasserommet, Meling og Folderøy fekk tilbod om å sove i Bålstova.
På onsdag snakka dei om dyr som levde rundt leirskulen. Og me gjekk på truger og skitur. Me hadde og orientering-bingo ute i naturen. Til middag hadde me kjøttkaker, poteter og grønsaker, til dessert fekk vi sjokolademousse og vaniljesaus. På kvelden var det disko i klasserommet igjen, og Gilje fekk lov til å sove i Bålstova.
På torsdag snakka dei om snøskred og kva me måtte gjere om nokon skada seg på tur. Etterpå gjekk nokon i lysløypa og resten gjekk til løypekrysset i Breidastølsdalen. Til middag hadde vi kylling gryte og ris, og så fekk me is til dessert igjen. Etter på var kiosken open. Så vart det enda ein kveld med disko, og Våge og Rubben fekk tilbod om å sove i Bålstova.
På fredag så pakket me og åt frukost. Alle hadde fått arbeidsoppgåve som det måtte gjere. Etter på hadde me morgon møte klokken ti. Og så kom bussen klokka elleve.