
A Superb week in all English
april 19, 2024
Hurra for leirskuleveka til Austrått og Røyneberg!
mai 16, 2024
8.klasse elevane på Hjelmeland skule og Goa skole har denne veka vore samla på Gullingen leirskule. Det har vore ei våreveke med vinter i lufta, eller vinterveke med vår i lufta. Ski og snø har me framleis, og her kan de lesa kva elevane skriv i loggen og sjå kva dei har drive med:
Veke 17-2024 Hjelmeland og Goa
Måndag: Me tok bussen til Gullingen leirskule på måndag. Mange lurte på kva me skulle gjere og gleda seg til ei innhaldsrik veke. Me møtte Kjersti som den første leiaren, og ho sa kor me skulle sova og me fekk litt info om dagen. Så pakka me ut og gjorde klart romma. Det var litt ventetid før det første møtet i klasserommet, då kunne me bli litt kjent på tvers av skulane. På møtet i klasserommet fekk me også høyra litt om kva me skulle gjere på kvelden, kva me fekk til middag og litt om korleis det skulle vere på leirskulen. Då møtet var ferdig fekk me ca 40 min på å gjere oss klar for litt ski. Ein kunne velge to forskjellige vanskelegheitsgrader alt etter kor mykje erfaring ein hadde på ski frå før. Ei gruppe var i lysløypa og leikte og øva på ski, den andre gruppa hadde og litt leik og renning i bakkar før dei gjekk ein halvtime på tur. Etter det fekk me ein god middag og hadde rompebrettkonkurranse. Me fekk utdelt telefonane våre og var med dei andre på leirskulen før me måtte legga oss kl 22.00.
Tysdag: På tysdag klokka 07.00 blei me vekka til strålande sol og ingen klaga på å måtte stå opp . Hjelmelandselevane gjorde forskjellige oppgåver før frokosten. Som for eksempel å vaske gang og toalett. Goa elevane hadde frokosten før dei gjorde oppgåvene. På frokosten laga med nista til turen og dei fleste laga ostesmørbrød som me grilla på bålet. Kl 09.00 hadde me morgonmøte, då fekk me litt info om turane me skulle på og me blei delt i grupper. Gruppe 3 og 4 møttes i solsida der me prøvde oss på forskjellige aktivitetar på ski; som hopp og orgeltramp. Gruppe 1 og 2 var i løypekrysset og hadde skileik der. Etter det fortsette me dagen som på måndagen med middag, sosialtid, telefontid og kveldsmat før me la oss. Goa elevane fekk valet om å sova i bålstova denne natta, dette var det mange som nytta seg av.
Onsdag: Onsdag starta som tysdag med vekking, oppgåver, frokost og morgonmøte før me gjorde oss klar for ein ny skitur i nydeleg ver. Det var fire forskjellige grupper med tilpassa nivå som på tysdagen. Gruppe 1 og 2 møttes i solsida og hadde forskjellige aktivitetar. Gruppe 3 gjekk innover i Langeli og hadde forskjellige aktivitetar. Gruppe 4 gjekk oppover til Finnadalsheia, der ifrå rant dei ned forskjellige bratte bakkar i herleg slush-snø. Som på tysdag hadde dei fleste ostesmørbrød til lunsj som me grilla på bål. Etterpå fekk me middag, telefontid fram til kveldsmat og slappa av, før me la oss.
Torsdag: Me starta dagen likt som dei andre med vekking, oppgåver, frokost og morgonmøte. Men etter dette blei det litt ulike opplegg, for Goa skulle reise denne dagen. Dei måtte pakka utstyret sitt og skulane blei splitta på turen. Goa gjekk på truger, mens Hjelmeland fekk velga mellom tre skiturar. Ein av turane gjekk til løypekrysset, ein gjekk til Reinsstølen, mens den siste gjekk opp til Leitetjønn for å isfiska. Isen var omtrent ein meter tjukk, sjølv om det er siste veka i april. Alle gruppene hadde med seg pinnebrød med kanel og sukker, som me steikte på bålet saman med ostesmørbrøda. Denne dagen fekk me og kakao. Goa reiste etter turen sin, mens Hjelmeland hadde ein forholdsvis lik avslutning på dagen som dei andre dagane, den einaste forskjellen var at ein kunne overnatte i bålstova, men det var ikkje så mange som nytta tilbodet.
Fredag: Heimreis for Hjelmeland. Me starta dagen med vekking og frokost, i tillegg til at me måtte pakke tinga våre. Det blei utdelt oppgåver som ein skulle gjere når me vaska ut av fløyane våre. Morgonmøte var ikkje før klokka 10.00, for at ein skulle få tid til å rydda ut. Klokka 11.00 gjekk bussen heim igjen til Hjelmeland, med mange fornøgde elevar. Me sit igjen med gode minner, som me vil hugse lenge. Dette er veldig bra med leirskule for samhaldet i klassen, og ein blir kjent med folk som ein ikkje kjende så godt frå før.
Takk for ei kjempefin veke med herlege opplevingar og fantastiske leiarar!