Frå vinter til vår-leirskule

Vinter-leirskule i mai !

mai 6, 2022

Vårleirskule med 7.klasse frå Austrått og Malmheim

juni 3, 2022

Vinter-leirskule i mai !

mai 6, 2022

Vårleirskule med 7.klasse frå Austrått og Malmheim

juni 3, 2022

Tjødnalio, Litlabø og Sagvåg gjekk i frå vinter til vår gjennom leirskuleveka si. Me starta på ski og avslutta med spreke fotturar i vårlegt vær. Sjå bilder og elevlogg frå opphaldet her:

Logg veke 19-22: Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø, 7.kl

Mandag:

Etter ein slitsom busstur heilt frå Stord ankom me Gullingen leirskule. Når me først kom så blei me delt inn i romma våres og fekk tid til å bli kjent med dei. Så skulle me i klasserommet for å få meir info om resten av dagen. Dei som hadde stått på ski mindre enn 8 ganger skulle på skileiken for å få følelsen av ski på beina igjen. Der hadde me tikken, og alle mine duer. Medan dei som hadde stått mer enn 8 ganger skulle ned til Mosvatnet for å ha skileik der. Til middag hadde me lapskaus med pølser og pinne-is til desert. Og med ein så slitsam dag sovna alle med ein gong kl 22.00

Tysdag:

Etter frukost måtte me rydde litt på fløyene og etter det var det morgensamling kl.09.00. Der blei me delt inn i grupper og fekk mer info om dagens tur. Alle fire gruppene skulle på skitur, men gruppe 1 og 2 måtte gå litt først, medan gruppe 3 og 4 fekk stå på ski med ein gong. Når gruppe 1 og 2 hadde ankomt leirplassen sin skulle alle hjelpe til med å sette opp lavo. Me grilla ostesmørbrød og hadde ein kjempekoseleg dag. Til middag hadde me taco før me måtte på romma våres. På kvelden fekk me sjå litt Eurovision.

Onsdag:

I dagens morgonmøte fekk me vete at me ikkje skulle stå på ski, men at me skulle bruke truger. Då skulle me ha bingo-orientering. Før me skulle bli ført til start, fekk me bli litt kjent med kartet i grillstova. Der skulle me møta når me vart ferdige med orienteringa. Det var mange som fekk bingo, og premien var en blå slikkepinne. Til middag hadde me kjøttkaker med brun saus og grønnsaker. Etter det fekk me sjå resten av eurovision og alle begynte å hyle når Norge kom vidare. Og med kveldsmat spist ferdig og pysjamasen på, kunne me endeleg legge oss til å sove.

Torsdag:

Siste heile dagen på leirskulen skulle me gå tur til fots. Gruppe 1, 2 og «Sander gruppa» skulle ned til Mosvatnet medan gruppe 3 og 4 skulle på ein fjelltur. Når gruppe 1, 2 og Sander gruppa hadde komme til leirplassen skulle alle hjelpe til med å sette opp lavoen. Etter det gjorde me klart bålet, tok på ryggsekken og drog ut for å gå til ein daltopp. Der oppe hadde me Gullingen sin heilt spesielle gjemsellek. Når me drog ned igjen tente me på bålet og fekk grilla nista vår. Me fekk og gullingen pinnebrød med kanel og sukker. I kveld var det diskotek og det var ganske forskjellige sanger frå slow-dance til heilt ville danser på bordet sanger. Og med det kunne alle legge seg til å sove.

Fredag:

Då me hadde frukost fekk me litt info om ryddeoppåvene og kva tid morgonmøte var. Då brukte me siste krefter som me hadde igjen etter ei slitsom veke med turar kvar dag, og rydda så bra me kunne, og med bagasjen pakket og skia på parkeringsplassen kan me berre sei ein ting:

  • Tusen takk for ei fantastisk veke på Gullingen leirskule! Helsing Tjødnalio, Sagavåg og Litlabø Skule.