Fantastisk veke med Stord-elevane

Flotte 7. klassingar i skikkeleg vintervær
mars 13, 2020
Flott start med iglemyr skole 7B
august 19, 2020
Flotte 7. klassingar i skikkeleg vintervær
mars 13, 2020
Flott start med iglemyr skole 7B
august 19, 2020

Denne ettervinteren og våren har vore heilt spesiell for oss alle. Det har vore svært lite leirskule-drift, og det er desverre mange elevar som ikkje har fått oppleva den viktige leirskule-veka si i vår.

Men – Elevane på 7. trinnet frå Tjødnalio, Sagvåg og Litlabø skular, var dei som fekk oppleve denne eine flotte leirskule-veka me fekk i år.
Og for ei veke det blei – Opphald heile vegen, og etter kvart kom sommarvarmen – også her under Gullingen. Og når våren kjem i fjellet, eksploderar alt, både planter, fisk, fugl og dyrelivet.
Elevane har stokost seg både på tur i fjellskogen, i kano og robåt, og på snaufjellet. Under finn du elevane sin eigen historie frå veka, og mange flott bilder frå turar og på kveldane.

Me ønskjer alle ein god sommarferie, og me på leirskulen håoper at dei mange som mista opphaldet sitt i vår, likevel skal få leirskule-veka si.

God sommar – Ut i naturen!

Logg veke 24-20. Litlabø og Sagvåg skule 7.kl

Mandag:
Me ankom ca.klokka 12:00. Dagen starta rolig. Me gjekk på ein liten bli kjent tur og bada

Tysdag:
Me åt ein god frukost, og me lagde niste til turen, Sagvåg starta med kanoar og Litlabø starta med båtar, me trekte garn og fekk masse fisk, og grillte dei på bål..

Onsdag:
Me spiste frukost og så gjekk me på tur i fjellskogen. Me såg på planter og prøvde å klatre,tenne bål og prøvde og dytte ein stein av eit stup, denne dagen var kiosken open i 15 min.

Torsdag:
På torsdag fekk me velga om å gå ein long fisketur eller ein kort ein topps tur, dei som gjekk den långe turen fekk dusja i ein foss men alle fekk lov å bekkevandra.

Fredag:
Me pakka og vaska rommene slik at me va klare til å gå heim.
Denne veka har vore heilt super!

Logg veke 24-20.Tjødnalio 7.kl

Måndag:
Me gjekk på ein liten tur i skogen, så gjekk me ned til strando og nokon bada. Etter middag så fiska me.

Tysdag:
Me gjekk på tur i skogen, me hadde bål og lagde kolstiftar, så gjekk me på ein liten fjelltopp og klatra litt. Nokon overnatta i Bålstova, det endte opp med 6 jenter som holdt ut heile natta.

Onsdag:
Me rodde til ein liten øy, der tok me opp eit garn å fekk masse fiskar. Fiskane måtte me sløya sjølv og grilla på bålet. Då me sku’ heim padla me i kano. På kvelden hadde me diskotek.

Torsdag:
Me gjekk på langtur opp i fjellet, då me sku’ finna bålplass fan me snø. Me fekk lov å aka, men det beste var at me fekk kasta snøball på lærarane. På veg ned testa me reinkleda i ein foss, Heilt til slutt bekkevandra me!! Det var veldig kjekt.

Fredag:
Me fekk reingjøringsoppgaver, så hadde me eit møte, så tok me bagasjen ut på parkeringsplassen og reiste heim. Takk for oss!