Fantastisk sommerveke med Tjødnalio og Sagvåg

Sol og sommar med Sandnes-elevar

juni 1, 2018

Flotte turminner for Austrått skule

juni 15, 2018

Sol og sommar med Sandnes-elevar

juni 1, 2018

Flotte turminner for Austrått skule

juni 15, 2018

Logg veke 23-18, Tjødnalio og Sagvåg skule

Mandag:

Då me kom til Gullingen leirskule gleda alle seg til å begynne. Me gjorde klart romma for så å gå ein tur, me gjekk ein liten tur. Etter turen bada me i Mosvatnet. Når me hadde bada ei stund, gjekk me opp til matsalen. Der hadde kjøkkenstaben gjort klart til middag. Me fekk lapskaus, og sjokolademousse til dessert. Etter middagen fekk me fritid. Det har me  hatt mykje av denne veka. Då var nokre få å sjekka ut fotballbanen og andre fasilitetar. Det var og nokre som var nede ved Mosevatnet med Øyvind for å sjå om det var fisk der. Då alle la seg var det vanskeleg å sove fordi alle var spente på neste dag.

Tirsdag:

Den dagen delte me oss i tre grupper. Det var kanopadling, roing i robåt, og tur til Grønhovudet. Me som var på vatnet fekk trekke garn og sløye fisk, medan dei som var på tur hadde orientering/bingo med premiar. Alle fekk lære mykje nytt om naturen. Når alle var komen heim igjen, var det middag. Me fekk laks med pasta og fløtesaus, og gele til dessert. Den kvelden var det litt lettare å få sove, men ikkje for alle. Det var nemleg nokon frå Tjødnalio som overnatta i bålstova. Alle som sov der blei nesten spist opp av mygg.

Onsdag:

Den dagen bytta me grupper. Dei som var på vatnet på tirsdag skulle på fjellet i dag, og motsatt. Grønhovudet. Der var ein nydeleg utsikt til blant anna leirskulen og Mosvatnet. Me kunne sjå dei som padla kano. Frå Grønhovudet ca. 140 meter opp til Gullingen, målt i moh. Alle hadde det kjempegøy. Då det var middag var det kyllingfrikase som stod på menyen, og til dessert var det sjokoladekake. Etterpå var det mange som spelte fotball og volleyball. I dag var det dei frå Sagvåg sin tur til å overnatte i bålstova. Det var mange som blei med, men til slutt var det nokon som synest at det blei litt for skummelt, og gjekk ned igjen. Dei som var igjen fekk ikkje sove fordi det var heilt utruleg mykje mygg.

Torsdag:

I dag var det den store turdagen. Me fekk velge mellom tre turar, og måtte velge etter evne. Det eine alternativet var Gullingtoppen. Den ligg 979 moh. Det var mange som valgte den turen, og ingen av dei angra. Det var ein nydeleg tur, og utsikten var heilt fantastisk. Det andre alternativet var fisketur i Svartevatnet. Dei fekk ikkje nokon fiskar som var store nok til steiking på stormkjøkkenet. Allikavel hadde alle ein fin tur. Det tredje alternativet var ein liten tur til Såto. Sjølv om turen ikkje var så lang, koste alle seg. Etter turen var det bekkevandring. Dette var høgdepunktet for dagen for mange. Det var kjempegøy, og alle blei klissblaute. Til middag var det komle med pinnekjøtt og bacon i smør. Alle hadde gleda seg til dette. Til dessert fekk me is på pinne. Når me la oss, var alle litt triste. Dette var den siste natta her på Gullingen. Alle kvidde seg til pakkinga i morgon.

Fredag:

I dag var det vanskeleg å stå opp. Ingen hadde lyst til å begynne pakkinga. Alle fekk utdelt ryddeoppgåver, og så var alle i full gang med å rydde opp Gullingen leirskule. Det kjem til å bli trist å måtte seie hade til denne leirskulen. Det har vert kjempegøy.

Takk for oss!