Vinterleirskule med 8. trinn Finnøy skole

Super vinterveke med Gautesete skole
januar 10, 2025
Superveka med fottur på skaren
januar 23, 2025
Super vinterveke med Gautesete skole
januar 10, 2025
Superveka med fottur på skaren
januar 23, 2025

Veke 03-25 Finnøy skole

Mandag:

Etter ein «lang» reise opp i regnver og -1 grad, kom me endeleg opp, og blei møtt av ein smilande leirskulerektor. Deretter fekk me ei god stund til å pakke ut. Så var det bare å få på seg skia, fordi nå var det tid for skileik. Me gjekk samla nedover mot lysløypa, og prøvde oss litt på ski med skileik.

Tysdag:

Det var tidleg opp for å ha frokost. Så var det på med trugene. Det var ganske uvant for mange, og mange datt og mista trugene sine.Etter bingo orienteringa hadde me lunsj med bål og grilla osteskive. Sidan det var så lite snø gikk vi inn og lagde gullingenpinne. Etter at me hadde spist middag var det ein frivillig fakkeltur opp til bålstova. Her poppa me popcorn, fortalte historier og koste oss veldig.

Onsdag:

I dag ble me delt inn i grupper etter ferdigheter på ski. Dei to første gruppene starta til fots og gjekk på ski frå skitrekket, mns dei som hadde stått på ski ein del før, gjekk på ski frå start til slutt. Alle gruppene gikk inn Breiastølsdalen.

Når me kom fram hadde ein lang pause , og grilla ostesmørdbrød og pinnebrød. Vi laga også hopp portløype, og rant på ski. Når skidagen var ferdig var det middag og avslapping.

Torsdag:

Etter god søvn så bråvåkna me av brannalarmen. Då var klokka halv 5. Heldigvis var det ingen fare. Idag var det siste heile dagen på Gullingen Leirskule. I dag  kunne vi velge selv hvilken tur vi ville gå. Vi fikk valget mellom lang, middels eller kort tur inn Breiastølsdalen. Vi hadde skilek, laga bål og grilla osteskive. I dag var kiosken åpen, og den var veldig populær. På kvelden dansa vi etter «let’s Dance» på skjerm i klasserommet. Det var kjempe gøy!

Fredag:

I dag er avreisedagen. Me sto opp, spiste frokost, rydda og pakka. Nå skal vi inn i klasserommet å ha oppsummering og se bildeshow.  Me hadde ei kjempe kjekk veke på Gullingen Leirskule!

 

Takk for oss!

Hilsen 8. klasse ved Finnøy skole