Vilt våt leirskuleveke for Skjold og Skånevik

Haga skule 7. trinn har erfart og lært mykje om fjell-livet denna veka på leirskulen.
oktober 25, 2024
Magisk førjulsleirskule for 7. klasse ved Hana skole
november 22, 2024
Haga skule 7. trinn har erfart og lært mykje om fjell-livet denna veka på leirskulen.
oktober 25, 2024
Magisk førjulsleirskule for 7. klasse ved Hana skole
november 22, 2024

8.klassingane på Skjold skule og Skånevik skule fekk den siste haustveka  på Gullingen leirskule. Skånevik skule kom på måndag og starta veka med m.a bogeskyting på «reinsdyrblink». På tysdag svinga bussen med elevar frå Skjold skule inn på parkeringsplassen. Elevane møtte kvarandre til middag, og hadde felles leirskule etter det. Det starta med mørketur tysdag kveld og tur med kano og båt på Mosvatnet på onsdag. På torsdag fekk med ein ny «gjest» til leirskulen: «Jakob». Han kom med MYKJE nedbør. Når det meldast om ekstremvêr og det blir sendt ut raudt farevarsel, må me sjølvsagt ta våre omsyn.Vêrvarsel og elev-/gruppeforutsettinga er alltid med i planlegginga, og i gjennomføringa av undervisningsopplegg og turar.  Her på Gullingen leirskule har me gode planar og rutinar for å takla vêret. Me har også gode bålstover å nytta i matpusen, når vêret «ruskar seg» litt ekstra. Likevel, skal det også seiast; at det nok ikkje var på fjellet at nedbørsmengda skapte størst utfording i går. (Det renn jo ned i dalane). Med lite vind og grei temperatur, vart det faktisk ein super dag! Mykje læring og erfaring med å kle seg for å vera ute: «ull er ikkje tull!»  Ja, våt det blir me! Men med ull innerst og regntøy utanpå, så blir det jo våtdrakt! Med mykje nedbør, dukka det opp «nye bekkar», og dei skulle prøvast. -Og våtast, ja det vart me oppi bekken!

Nå tar leirskulen ein liten elevpause, og gjer oss klar for ein ny sesong: Førjulsleirskule!

Her er bilder frå veke 44-2024 med Skånevik og Skjold. Elevar frå Skjold har også oppsummert veka si slik:

Tysdag: Skjold kom fram i 11:00 tida. Me fekk god tid til å pakke ut. Me gjekk ned i klasserommet og blei ønsket velkommen. Etter det gjekk me ein tur i skogen, hadde ulike kjekke leikar og spennande historier. Så gjekk me ned til Movatnet der dei som ville kunne bade. Når me kom tilbake fekk me ein god lapskaus med flatbrød, og is til dessert. Me hadde ein koseleg kveld inne på fløyane og i bålstova. Der spilte me mange ulike kjekke spel, og løyste «verdensproblemer» (me var overtrøytte)

Onsdag: Me starta dagen kl 7:00. Dei fleste åt ein god frokost. Etter frokost var det morgonsamling i klasserommet der me fekk vite dagens opplegg, og kva me skulle ha med oss og på oss. Me skulle ut på Mosvatnet i dag og trekke garn, padle kano, robåt, fyre bål i lavvo og sløye fisk. Når me kom tilbake fekk me taco til middag. Alle som åt blei super mette. Etter middag var det disko i klasserommet.

Torsdag: Denne dagen var det skikkelig ekstremvær. «Jakob» herska på leirområdet. På grunn av dette måtte leiarane tilpasse og endre litt opplegget denne dagen. Skånevik og nokon frå Skjold gjekk topptur til Uranuten. Dei andre frå Skjold hadde orienterings bingo i skogen. Dette hadde Skånevik gjort på tysdag. Dei fleste syntest dette var den kjekkaste dagen fordi me avslutta dagen med bekkevandring. På kvelden samla alle seg i stova til Skjold for å sjå på film. Det var Halloween så me såg ein skrekkfilm. Me frå Skjold fekk vere litt lengre oppe sidan det var siste natta.

Fredag: I dag var alle rimeleg trøtte, men nesten ingen er klare for å reise heim. Dei fleste syntest at det har vært kjempegøy og kunne tenkt seg å vere ei veke til. Etter frukost var det tid for rydde oppgåver og pakking. Når klokka var 10:00 var det møte i klasserommet, der me såg tilbake på veka og sa «hadet». Dei fleste som hadde romoppgåver la merke til at alle søppelbøttene var stappa med godteripapir… Heimreise var kl 11:00.