Vikedal skule 8.trinn på haustleirskule

Takk til Trones-elevane

oktober 19, 2018

Kjekke elevar frå Haga skole avsluttar haustsesongen på Gullingen

oktober 26, 2018

Takk til Trones-elevane

oktober 19, 2018

Kjekke elevar frå Haga skole avsluttar haustsesongen på Gullingen

oktober 26, 2018

Då fekk Vikedal skule vere med å avslutte ein flott haustsesong her på Gullingen. Me har padla og fiska til den store Gullmedaljen!!Sjå meir bilder og logg

Logg for Vikedal skule, 8. trinn
Veke 43-2018, 22.-25.oktober

Mandag:
På mandags formiddag ankom me Gullingen leirskule. Først informerte leirskuleledaren oss om kva som venta oss på Gullingen. Etter kvart fekk me utdelt romma våre og vart veldig fornøyde. Seinare på dagen gjekk me på ein kort tur, der fekk me læra litt om naturen, kart og kompass. Det var også ein slags orienterings oppgave, der me først blei delt inn i grupper og så skulle me finne 10 forskjellige poster i skogen. Når me kom tilbake fekk me lapskaus og sjokolade mousse til middag og dessert. Etterpå slappte litt av, pakka ut av baggane og såg på film til det blei kveldsmat. Me var ganske trøtte etter det og la oss til slutt.

Tirsdag:
Me vakna til frokost og blei innkalla til samling i klasserommet kl 9. Der fekk me informasjon om kva me skulle gjere den dagen og kva me skulle ha på oss. Etter det gjekk me og kledde på oss, fant redningsvest og årer, og gjekk ned til vatnet der kanoane og båtane sto. Jentene begynte å padle kano, og guttane starta i robåten. Me lærte først litt padleteknikkar, og klarte det ganske bra. Ei stund etterpå gjekk me i land, satt opp lavo og drog opp fiskegarn. Så fekk me i oppgåve å sløye fiskane, og Ketil lage bål. Så varma me nista vår, åt litt og satt fisken på bålet. Når fisken var ferdig fekk me smake på¨den, og den var overraskende god. Litt seinare bytta me med guttane, og fekk ro i robåten litt. Så gjekk me tilbake til leirskulen, åt middag og bare slappa av. Me åt kveldsmat og tilbrakte tid i spillrommet og gjekk å la oss etterpå.

Onsdag:
Etter frokosten gjekk til klasserommet for å samla oss og få litt informasjon om dagen. Me fekk to valg, fisketur eller topptur. Ca halvparten av oss blei med på fisketur, og den andre halvparten gjekk topptur. Topptur gruppa gjekk på to forskjellige toppar oppi fjellet, fortalte oss om fortida og jernutvinning og stølsliv. Det var koseligt og veldig kjekt. Fisketur gruppa gjekk eit par timar til dei kom til eit vatn og fiska der. Dei fekk to fiskar. Me bekkevandra når me kom tilbake og måtte inn fort forå skifte og få på oss nye og varme kler. Så var det middag, og me fekk laks. På kvelden pakka me litt, hadde bordtennisrommet for oss sjølv og åt kveldsmat. Til slutt la me oss og var klare for å reise neste morgon.

Torsdag:
Me våkna og gjekk til frokost, etterpå pakka me oss ferdig, og satt alle baggane våre utforbi døra. Alle fekk kvar sin arbeidsoppgave, og kl 09:30 kom leirskulelederane og sjekka om me hadde gjort oppgåvene våre skikkeligt. Så gjekk me til klasserommet, og fekk sjå litt bilder av dagane her på Gullingen. Etterpå gjor me oss heilt klare til å reise, og gjekk ner til bussen. Takk for nokon fine og minnerike dagane på Gullingen leirskule.