
Veke 38/16 – Hausten nærmar seg
september 23, 2016
Veke 40/16 – Fantastisk haustver!
oktober 7, 2016
Denne veka har ein tøff gjeng frå Hystad og Tjødnalio skule vore på Gullingen. Været var av den vind og regnfulle typen, men det stoppa ikkje desse flotte elevane frå Stord. Sjå mange bilde og les ein elevlogg under.
Tjødnalio og Hystad- 7.trinn.
26-30 september 2016
På mandag kom 80 spente elevar frå Stord til Gullingen Leirskule. Tjødnalio kom i tide, men Hystad kom litt seinare p.g.a eit øydelagd setebelte.
Når me kom fekk me pakka ut og finna oss til rette.til middag fekk me ein kjempe god lapskaus med flatbrød. Til desert var det sjokolade mouse. Så gjekk me på tur, og i slutten bada me/dei som ville!
På tysdagen blei me delt i 4 grupper, og 3 av dei gjekk opp Såto. Den 1 gruppa tok seg ein litt enklare tur til Stavestølen. På vei ned frå Såto gjekk dei som ville inn i ein stor foss.
Då var det klart for Hystad A til å sove i bålstova! Det var veldig kjekt!
Neste dag var det onsdag, og gruppe 2 og 3 gjekk i skogen og lærte om skog og plantar. Gruppe 1 og 4 derimot var nede m,ed sjøen og padla i kano, og sløydde ørrett.
Då var det Hystad B sin tur til og sova i bålstova. Det var både kjekt og skummelt den natta.
På torsdagen skifta me økosystem, som me lærte litt om på turane. Men det var for mykje vind så gruppe 2 og 3 kunne ikkje ro i båt eller padla kano. Det var dumt, men me fekk sløya fisk,som smakte veldig godt. På slutten av turen fekk me bekkevandra i ein liten bekk ved sida av lavoen, som me hadde toke opp tidligare. Alle var klissvåte og kalde, mens me gjekk opp til leirskulen. Me tok oss ein god og varm dusj, og fekk komla til middag, og is til desert.
På kvelden var det eit kjekt avsluttnings diskotek, med mykje bra musikk. Alle var glade og koste seg mykje.
Då kom kvelden og det var Tjødnalio sin tur til og såva i bålstova. Det var veldig kjekt!
Me har hatt ei lærerik og kjekk veke her på Gullingen, med god mat, kjekke turar og flinke og snille leirskulelærarar. Me har og blitt kjend med mangen kjekke elevar frå både Tjødnalio og Hystad! Men me gleder oss og veldig mykje til og komme heim til familien vår.
Tusen takk for oss og ei superkjekk veke! 🙂





































































