Veke 37/16 – Seinsommardagar til fjells

Veke 36/16 – Flott haustvær for Iglemyr

september 9, 2016

Veke 38/16 – Hausten nærmar seg

september 23, 2016

Veke 36/16 – Flott haustvær for Iglemyr

september 9, 2016

Veke 38/16 – Hausten nærmar seg

september 23, 2016

Denne veka har me verkeleg fått kjenne sommarvarme til fjells, bort med ullundertøy og fram med shorts og badetøy. Sjå meir bilder og les elevloggen under.

Veke 37-16, Langeland og Sagvåg

Mandag: Me ankom Gullingen leirskule mandag morning klokka 11.00 ca. Me pakka ut og blei kjent med lærarane og gjekk til klasserommet og fekk litt informasjon. Me gjekk ein liten tur i området med Gullingen og bada på slutten av turen. Og på slutten av dagen, kunne me gå ned til stranda å fiska.

Tysdag: Me delte oss inn i fire grupper, to av gruppene gjekk tur i skogen. Og dei to andre gjorde aktivitetar på vannet.

Onsdag: Me gjorde det samme som på tysdag, men gruppene bytta om. Slik at dei som var på vannet fekk gå i skogen og dei som var i skogen fekk vera på vannet.

Torsdag: Hadde me ein morgen samling og fekk veta kva turer me kunne velge mellom. Dei forskjellige turane var: Gullingentoppen, rusletur og fisketur. Dei fleste tok tur til Gullingentoppen og der lærte me førstehjelp. Alle tre turane enda med bekkevandring.

Fredag: Var ein veldig travel dag. Me begynte å pakka, for heimturen nærma seg og alle fekk ei arbeidsoppgåve. Me takka for oss, og reiste heim til Stord.