Variert vinterveke for Bømlo-elevar

Gode opplevelsar for 8 B og D frå Gautesete skole

februar 2, 2024

Superveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 16, 2024

Gode opplevelsar for 8 B og D frå Gautesete skole

februar 2, 2024

Superveke for 8.klassingane på Rennesøy

februar 16, 2024

7.klasse-elevane frå Hillestveit skule og Moster skule har hatt ei kjekk leirskuleveke i lag. Veka starta med mykje snø og vind, men den blå himmelen med sol og pudderføre har dei  også fått testa ut. At vêret kan skifta og snu fort i fjellet har dei verkeleg fått erfara. Mykje god lærdom og erfaringar har dei fått med seg, og her skriv dei i loggen:

Måndag:

På måndagsmorgon gleda alle seg kjempemasse. Bussen frå Moster gjekk 08:30 og Hillestveit kjørte ein halvtime seinare. Me kom til leirskulen ca i 11:30 tida. Me fekk sjekka inn på romma og fekk ete nistematen. Ei stund etterpå gjekk me ned i klasserommet og fekk litt informasjon. Etterpå gjekk me ut i skileiken og sto på ski, utan stavar det var masse fall og latter. Me heldt på heilt til middag. Til middag var det deilig pølselapskaus. Etter middag var me litt ute i peisestova og snakka med dei andre elevane, og nokon var ute i skileiken og kosa seg litt meir. Til kveldsmat var det brød med pålegg. Det var nattero kl 22:00.

Tysdag:

På tysdag vakna me i cirka 07:15 tida. Det var brødmat og cornflakes til frukost. På frukosten smurde me med oss nistemat. Etterpå gjekk me ned i klasserommet og såg på film om «Storm og Tinde», og fekk litt informasjon om dagen. Me blei delt inn i 3 grupper. Sånn ca klokka 11:00 gjekk me ut og gjekk på truger og hadde orienterings-bingo. Etter bingoen gjekk dei tre gruppene i grillhytta og bålstova. Då grilla me skjever med ost og skinke, og kanelbolledeig på pinne. Etter det gjekk me ut og koste oss på ski. I 15:00 tida var det for mykje snø og vind. Så mykje at leirskulelærarane ikkje såg elevane lengre. Alle var kalde og våte og ville ta seg ein dusj. Klokka 16:30 var det middag og til middag var det taco. Då alle hadde ete god middag gjekk me til peisestova og blei betre kjend med kvarandre. Nokon gjekk ut i skileiken mens andre spelte brettspel og bordtennis. Klokka 19:45 var det kveldsmat og nokon elevar frå Moster prøvde å sove i bålstova denne natta. I 00:00 tida kom alle inn fordi det blei for kaldt.

Onsdag:

På onsdagsmorgon var me trøtte og slitne. Me vakna klokka 07:00 og åt frokost. På onsdag hadde me dei same gruppene som på tysdag. Gruppene gjekk på kvar sin tur og hadde med lavvo og gapahuk. Me fekk opplæring i korleis me skulle lage bålbord og bål. Me drakk kakao og åt nistepakken vår. Etter det var det skileik i bakkane rundt området me gjekk tur i. Det var god stemning og alle hadde det veldig gøy. Det var ein slitsom dag på tur og det var godt å få middag i matsalen etterpå. På kvelden var dei fleste veldig trøtte og sovna ganske raskt.

Torsdag:

På morgonen var det vanskeleg å vakne. Nokon begynte å pakke litt mens andre slappa av. Alle kom seg opp til frukosten og åt seg god å mett. Det var nydeleg vær og me lagde oss nista til den lange dagen som låg framføre oss. Me kunne velge mellom tre forskjellige turar etter ferdigheter. Alle hadde det veldig kjekt og fekk lekt seg mykje på ski. Det vart observert mange dyrespor og nokon såg ryper. Me hadde bål-eksamen og skulle lage bålet sjølv. På veg heim hadde me det veldig gøy i nedoverbakkane, og det blei nokon morosame fall. Når me kom heim frå turen åt me middag og då var det kiosk. Seinare på kvelden var det disco.