Super-veke med Stordabuarane

Vår stemning på Gullingen for Ganddal skole
mai 31, 2024
Kjempeflott veke med 6.trinn frå Porsholen skole
juni 14, 2024
Vår stemning på Gullingen for Ganddal skole
mai 31, 2024
Kjempeflott veke med 6.trinn frå Porsholen skole
juni 14, 2024

God fredag.
No er 7. klassingane frå Litlabø, Tjødnalio og Sagvåg skular på veg heimover etter ei våt og kald-, men likevel heilt strålande veke!
Me har hatt temperaturar ned mot 0 grader, sludd i lufta og snø på toppane, men elevane har tatt utfordringa med å kle seg med store smil, særleg etter litt tips og råd frå både lærarar og leirskulelærarane.
Gjennom veka har elevane blitt stadig betre kjende med kvarandre, og funne meir og meir roen i lag. Det lover godt for felles U-skule til hausten.
På oppsummeringa i dag fekk dei også vist at dei hadde lært ein masse fagleg også. Både dyr og planter blei nemnt, og nær samtlege hadde sløyd fisk, steikt fisken på bål, og alle likte fisken godt! Noko av det viktigaste dei hadde erfart var å kle seg etter vêret  – Stikordet gjekk igjen – Ull – Ull – Ull ! Og vasstett regntøy ytterst !
Me takkar for «Lånet» av flotte elevar, og ønskjer dei alle lukke til på U-skulen til hausten!

Under finn du mange flotte bilde, og elevane sin eigen historie frå veka.

 Logg for veke 23-2024 Tjødnalio, Sagvåg, og Litlabø skular, 7. trinn

Måndag: På måndag fekk me ein varm velkomst av Kjersti og Ketil, som er to av lærerane her på Gullingen leirskule. Me pakka ut og blei kjent med område både inne og ute, før me gjekk ein liten bli kjent tur, og dei ekstra tøffe bada i det kalde Mosvatnet. Då me kom tebake, var middagen nesten klar, det var lapskaus og pinneis til dessert. På kvelden var mange slitne etter ein lang dag, og plutseleg var klokka ti og det var leggetid.

Tysdag: På tysdag var den første heile dagen, og mange var spente. Me blei delt i fire grupper der halvparten skulle på vatnet og halvparten i skogen. Dei som var på vatnet, padla kano og var i robåt.

Dei fekk også ta opp garn, sløye fisk for så å smake den. Mange var overraska over kor godt det smakte. Dei to andre gruppene som var i skogen leika masse på vegen. Då dei kom fram, lærte dei å lage bål og grilla pinnebrød. Me putta pinnar i ein metallboks, som blei til kolstiftar, og me malte oss i ansiktet med desse.

Då me kom fram til leirskulen, var det taco Tysdag, og litt seinare var det kiosk. Det var diskotek på kvelden, og dei som ville fra Tjødnalio, fekk overnatte i Bålstova.

Onsdag: Denne dagen bytta gruppene slik at dei som var på vatnet var i skogen og motsett.
Me fekk servert kjøttkaker i brunsaus og masse godt tilbehør. Me fekk også ein utroleg god sjokolade mousse med vaniljesaus til dessert. På kvelden hadde me filmkveld i staden for diskotek noke som me elevar synest var veldig koseleg. Det var Sagvåg sin tur til å få sove i bålstova. Dei grilla og koste seg, før nokon gjekk ned til fløyen, og nokon blei igjen og sov godt.

Torsdag: På torsdag hadde me fire val, og det var fjelltur dagen. Gulling toppen var desverre stengt pga. den var snødekka og tåkete, men alle fekk seg ein god tur likevel. Dei fire vala var: To toppstur, fisketur, eintoppstur med foss eller kortare 1 topps tur. Dei som valde den kortaste toppturen, fekk i tillegg grille popkorn og pinnebrød. Ein-topps-turen fekk teste regnklærna sine i fossen. Fisketuren fekk desverre bare napp, men ingen fisk. To-topps tur gjengen kom seg høgt opp og fekk sjå masse fine utsiktar.  Før alle fekk kose seg med nista si, måtte me bestå bål eksamen som gjekk ut på å tenne på sjølv. Noko som gjekk veldig fint. Alle som ville, avslutta med bekkevandring, som var noko me aldri kjem til å gløyme. Det var ein fin dag me turar tilpassa våres evner. Me fekk kylling gryte til middag   med godt tilbehør og saftis til dessert, kiosken var open. Litt seinare var det diskotek for dei som ville, og Litlabø fekk tilbod om å sove i bålstova.

Fredag: Fredag va den siste dagen, me starta dagen med vårt siste måltid her på Gullingen. Me rydda og pakka før me fekk diplom og ein fin avslutning.

Me har hatt ei fin veke me aldri kjem til å gløyme. Me har vært nært dyreliv, lært masse nytt og hatt ei superveke.