
Høgt og lågt med Vikedal skule
august 27, 2020
Flotte opplevingar for Iglemyr skule
august 31, 2020
Ei veke på Gullingen leirskule er forbi for Langelands elevane som nå er på veg heim.
Det har vore ei flott veke med mykje læring, mestring og opplevelsar i godt haust vêr.
Les meir om elevane sine aktivtetar og opplevelsar i elev loggen, og bilder frå veka.
Logg veke 35-20
Langeland skule, 7. trinn
Mandag:
Bussturen opp til leirskulen tok litt tid sidan noken blei kvalme. Så me måtte ha nokon stopp undervegs. Då me kom fram, pakka me ut i dei nye rommene som me skulle ha i ei heile veka. Så åt me nisto vår, og rett etterpå gjekk me ut på tur. Turen endte opp med at mange bada i Mosvatnet. Det var kaldt, men dei fleste hadde da gøy. Tilbake på leirskulen var det tid for middag. Me hadde lapskaus til middag, og til dessert hadde me sjokolade mousse. Så var da fritid, og me utforska leirskulen og hadde da gøy.
Tirsdag:
Etter at me hadde våkna og spist frokost, var me i klasserommet. Her fekk me litt undervisning om vêr og kler, og informasjon om dagen ute. Så kledde me på oss turkler og blei delt inn i to grupper. Denne dagen gjekk me tur i fjellskogen. Gruppe ein lagde blåbersuppa, og gruppe to fekk sjå ei mår-fella. Begge gruppene lagde bål og steikte seg pinnebrød. Det var knallgodt. Me lagde også kolstiftar inni bålet, og desse malte me oss med i ansiktet. Nokre teikna også på ark. Etter bålpausen drog me på ein liten topp, og me såg på ein kampestein midt på fjellet som balanserte på eit par småsteinar. Me prøvde og skyva den ned, men da gjekk ikkje. Etterpå rekna med ut at steinen var 13,5 tonn! Då me kom tilbake til leirskulen, dusja me og gjorde oss klar til middag. Middagen var TACO! Etter desserten var kiosken open. Så hadde me fritid, og etter kvart var det kveldsmat, og etter da var da leggetid.
Onsdag:
I dag skulle me på vatnet! Me var igjen gruppe ein og gruppe to. Gruppe ein hadde først robåt, og gruppe to hadde kano først. Så tok me liten matpause og drog opp garn. Gruppe ein fekk tilsaman 6 fisk, mens gruppe to fekk 13 fisk. Så padla me vidare til ei øy og brente bål. Etter at me hadde lært om fisken og ksløyd fisken, grilla me fisken i folie, og så åt me fisken. Den var ganske god! Etter me var ferdige på øyo, så bytta me sånn at gruppe to fekk robåt og gruppe ein fekk kano. Så padla me tilbake til land og gjekk tilbake til leirskulen. Me dusja og gjorde oss klar til middagen, som var kjøtt kaker. Og desserten var Isabella is. Då var alle slitne, men litt etter åt me kvelsmat. Etterpå fekk me sjå film! Så gjekk A-fløyen til bålståvo og var der den natto.
Torsdag:
I dag var me så spente for fjell turen. Me hadde to alternativ. Den eine turen gjekk til Såto, og etterpå fiska me i Såtevatnet. Den andre turen gjekk til Uranuten, der dei fekk sjå eit revehi. Begge turane endte opp i bekkevandring!!! Me blei kjempe våte, og på slutten kom me til ein plass der me måtte svømma i ein kulp. Det var nesten heilt umuligt me så masse kler på oss. Så gjekk me tilbake og to ein laaang, varm dusj. Så var det rett til middag. Der fekk me kyllingfilet, og til dessert fekk me sjokolade kaka. Etter middag fekk me gå i kiosken. Så var det fritid, og etter kveldsmat hadde me diskotek. Så gjekk B-fløyen opp til bålståvo, og me døgna!
Fredag:
Me pakka og gjorde reint mesteparten av dagen. Til slutt hadde me avlsutningstime der me hadde munnleg eksamen i leirskule! I tillegg fekk me diplomar og så bildeshow frå veka.
Tusen takk for oss, det har vore både gøy og lærerikt.












































